Vil lokka turistar til å «Go Viking»

Fjord Norge vil trekkja fleire turistar til dei fire vestlandsfylka gjennom heile året, og særleg i månadane oktober til april. No handlar det om å vera viking i fjordane.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil lokka turistar til å «Go Viking»

Konseptet som marknadsføringsorganet Fjord Norge rullar ut kallar dei «Go Viking in the fjords». Målet er å tiltrekkje seg turistar i det som for mange turistdestinasjonar er lågsesong eller utanfor sesong.

Marknadsdirektør Britt Dalland i Fjord Norge vil ha turistar til fjordfylka mellom oktober og april, og håpar fascinasjonen for vikingar skal sørgja for det.
Foto: Bjørn Ivar Austevik Voll / NPK

– Off season har blitt til new season, fortalde marknadsdirektør Britt Dalland i Fjord Norge på Vestlandstreffet 2018 i Bergen. Ho legg vekt på at det ikkje er snakk om å skapa konkurranse mellom årstidene.

Les også: Turistar risikerer livet ved isbreane

Vikinglivet i vest

Fjord Noreg byggjer vidare på den enorme assosiasjonen film og fjernsyn har bygd opp mellom fjordlandskapet og viking.

– Dette er inga historisk reise, men ei autentisk reise som spelar på vikingrøter og livet i fjordane. Det me gjer er å knyta, fjordlife til new season, seier Dalland.

Og med omgrep og slagord som «dress like a local in the viking season» og «in search of the viking spirit», rettar vikingsesongen, for å låna eit omgrep frå marknadsføringa, seg mot dei som kjem langvegs frå.

– Dei oversjøiske marknadane er der det er mest potensial, men me har også tru på nærmarknadane, seier Dalland.

Besøk i all slags vêr og årstider

Målet er at dei som kjem mellom oktober og april skal få sjå livet i fjordbygdene og kjenna på skodde, snø og regn.

– Eg trur det er fascinerande for folk å sjå korleis me lever i Noreg gjennom årstidene. At me til dømes ikkje stengjer skulen om det kjem fem centimeter snø, seier Dalland.

Marknadsføringskampanjen spelar vidare på det særeigne norske som til dømes at nordmenn feirar jul og ikkje «Xmas», og at ein er skikkeleg viking om ein et norsk tradisjonsmat.

I Gudvangen kan ein gå 1000 år tilbake i tid. Bli med inn i Viking Valley.

UNGARSKE RYTTERBUER: Terje Floberg, reiser til Ungarn kvart år og kjøper rytterbuer frå buemakarar. Det er hans sjuande år i Gudvangen. (Foto: Sunniva Knutsen)