Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 12.05.2019 10:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I år er det 17 år sidan den første filmen om det grønne trollet Shrek kom ut. No kan du snart sjå heile filmen på nytt, som du aldri har sett den før.

Snart kjem Shrek Retold, skriv AV Club.

Skjermdump frå traileren til Shrek Retold.

Frå Shrekfest til Shrek-film

I samband med Shrekfest, ein årleg festival i Wisconsin i USA, har selskapet 3GI Industries samla over 200 ulike kunstnarar til å gjenskape den første Shrek-filmen. Scene for scene.

Når så mange ulike kunst-stilar vert sett saman i ein film, så vert det eit merkverdig syn. For å seie det mildt.

Sjå traileren til Shrek Retold her:

Les også: Drøymer du om ei filmrolle? Her er castarane sine beste tips

Ein braksuksess

Då Shrek vart gjeve ut i 2001, vart filmen ein braksuksess for studioet DreamWorks Pictures. Filmen tente inn nesten ein halv milliard kroner og var første film som gjekk av med sigeren i den då nyoppretta Oscar-kategorien for «beste animasjonsfilm».

Nokre spekulerer i at ein Shrek 5 også er på veg, men fram til dess får fansen glede seg over denne komande hyllesten.

Skjermdump frå traileren til Shrek Retold.

Les også om den svenske Oscarkandidaten «Grensen».