Ein låt eg likar: River Flows In You av Yiruma

Ellen-Sofie Kanten, 16 år, Hadeland vgs
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Ein favoritt song? Nei, det har eg ikkje. Men eg har mange songar som betyr mykje for meg.

Ein av dei songane som betyr mykje for meg er «River flows in you» av Yiruma. Denne songen betyr kjempemykje for meg, fordi han har fått meg gjennom ein kjempetung periode med depresjon og vonde tankar.

Det som gjer denne songen spesiell for meg er melodien. Mange tenker sikkert at det er ein kjemperørande tekst som hengar saman med han, men det er ingen tekst til han i det heile tatt. Melodien til denne songen er roleg og flytande, og eg personleg synast melodien flyt litt som ei roleg elv. Eg følar at melodien fortel sin egen historie, men det er forskjellig for alle.

…eg personleg synast melodien flyt litt som ei roleg elv

Eg hadde ein vanskeleg periode med sjølvskading, periodar med å ikkje dra på skulen fordi eg ikkje klarte å komme meg ut av huset, og lange periodar med og ikkje eta. Eg låste meg bort frå alle andre, og hadde store problem med å vise følelsar. Hadde det ikkje vore for denne songen, hadde eg framleis vore i denne situasjonen, eller kanskje ikkje vore her i det heile tatt.

Eg har venner og ein stor familie som hjelpte meg gjennom dette også, men denne songen hjelpte meg med å vise følelsar. Han fekk meg til å gråte når eg var redd for å bli følelseslaus, han fekk meg til å roe meg ned når eg hadde problem med å tenkje, puste, eller berre generelt vera til stades både mentalt og fysisk.

Han fekk meg til å gråte når eg var redd for å bli følelseslaus

Eg fant ein tilfredsstillande «boble» som eg kunne halda meg til, ein eg alltid kunne stole på at var der, ein som kunne hjelpe meg til å kople ut i vanskelege situasjonar, ein som klarte å henta meg inn etter eg hadde nådd kjellaren.

Når eg nå merkar at eg er på veg inn i den same situasjonen, eller allereie har komme meg inn i han, prøver eg alt eg kan for å komme meg ut igjen, og da spelar denne songen ein viktig rolle. Eg høyrar på han når eg har det vanskeleg, eg høyrer på han når eg skriv eller les om noko som minna meg om den situasjonen eg var i. Eg høyrer på han mens eg skriv dette, for å henta tilbake dei følelsane eg hadde på denne tida, og for at eg ikkje skal ha det like vanskeleg med å skriva dette.

Eg høyrar på han når eg har det vanskeleg

Eg anbefaler dykk som slit med det same eg gjorde, å finne ein slik metode som eg har. Det treng ikkje å vera ein song, men noko som kan hjelpa deg med å hente deg inn igjen etter – eller midt i – ein vanskeleg periode. Det kan bety så mykje for deg viss du finner ein slik metode. Det høyrast kanskje litt rart eller vanskeleg ut, men det kan bety så mykje meir enn det ein kan tru.

Høyr songen her:

Denne teksten var eit av bidraga til Framtida.no, Magasinett og Foreningen !les sin skrivekonkurranse om song. Fleire bidrag kan du lese her