Fleire russebussar gir meir russebråk i Rogaland
Fleire russebussar i Rogaland fører til bråk. Talet på sakar i Sørvest politidistrikt der bussar er involverte, er mangedobla sidan i fjor.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Frå 1. august til 12. november i fjor hadde Sørvest politidistrikt ni oppdrag knytt til russen. I same periode i år er 42 sakar registrerte. Auken kan ein sjå i samanheng med fleire russebussar i distriktet, frå under ei handfull til fleire tital.
Fleire av sakene gjeld narkotika, opplyser politioverbetjent Kathrine Sæland Rotseth til Stavanger Aftanblad. Ho leier førebyggande avsnitt i Stavanger.
– Spesielt russebuss-fenomenet skaper problem, seier ho.
Les også: «Russebussen får eit ufortent dårleg rykte»
Austlandsfenomen i distriktet
Rotseth meiner at austlandsfenomenet med rivalisering mellom russebussar ser ut til å ha nådd distriktet. Mellom anna har det vore fleire slåsskamper mellom russen.
– Samtidig som samhaldet i dei ulike russebussane er veldig sterkt, ser vi at dei som ikkje er med i miljøet, blir haldne utanfor. «Leftovers», blir dei kalla, seier Rotseth.
I tillegg har det vore episodar der ungdomsskulejenter strippar utanfor bussar for å få sleppe inn, eller har utført seksuelle handlingar med medlemmer av russebussen for å få sitje på, opplyser Rotseth.