Fem sitat frå Astrid Lindgren

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

  • «Alle» kjenner den sterke jenta Pippi Langstrømpe. Dette optimistiske sitatet er til inspirasjon for mange som synest det er skummelt å gjere noko dei ikkje kan:

– Det har eg aldri prøvd før, så det trur eg sikkert at eg kan klare. 

  • Lindgren kjempa mot vald mot barn. Og ho hadde klare meiningar om korleis ein skal behandle barn:

Gi barna kjærleik, meir kjærleik og endå meir kjærleik, så kjem manerane av seg sjølve.

  • I Brødrene Løvehjerte (1973) må brørne Jonatan og Kavring kjempe saman med Orvar mot den onde Tengil og hans menn i Nangijala. Men storebror Jonatan kan ikkje drepe:

– Men eg kan ikkje drepe nokon, sa Jonatan, det veit du, Orvar!

– Ikkje om det gjeld ditt eige liv? spurte Orvar.

– Nei, ikkje då heller, sa Jonatan.

Orvar kunne ikkje forstå det, og det gjorde visst ikke Mattias heller.

– Dersom alle var slik, sa Orvar, så ville jo ondskapen kunne herske for alltid.

Men då sa eg at dersom alle var som Jonatan, ville det jo ikkje vere nokon ondskap.

Frå filmen Brødrene Løvehjerte. Jonatan og lillebror Kavring må gjere meir enn dei tør, for å kjempe mot ondskapen.

  • Dei to brørne må vere modigare enn dei tør, fordi nokre gongar er det ting ein berre må gjere. Lillebror Kavring fortel:

Men då sa Jonatan att det fanst saker som ein må gjere, sjølv om det var farlig. 

– Kvifor då?, undra eg. 

– Ellers er ein ikkje noko menneske, men berre ein liten lort, sa Jonatan.

  • Og eitt siste visdomsord frå Pippi Langstrømpe:

– Den som er veldig sterk må også vera veldig snill.

Ta quizen om Astrid Lindgren sitt univers her!