Ny sjømatkampanje for unge vaksne

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bakgrunnen for kampanjen er at unge vaksne et stadig mindre sjømat, trass i oppmodingane frå helsestyresmaktene om å eta fisk tre gonger i veka. Ifylgje Sjømatrådet har konsumet av sjømat for folk under 34 år falle med heile 46 prosent sidan 2012.

Mange unge et dessutan fisk av plikt, ikkje fordi dei har lyst, meiner rådet. Det skal kampanjen «Fisk før og nå» vera med å retta på.

Les også: Norske born et meir sokolade enn fisk

Kjend filmregissør skal syne at fisk ikkje er kjedeleg

– Med denne kampanjen ønskjer vi å akseptera dei utfordringane mange møter om at fisk kan verka kjedeleg, men at det er fullt mogleg å bli freista av fisk også i kvardagen, seier Kristin Pettersen, direktør for marknadsføring og PR i Noregs sjømatråd.

Er du av dei som berre et fisk om det er sushi? Illustrasjonsfoto: Jan-Morten Bjørnbakk / NTB scanpix / NPK

Kampanjen omfattar mellom anna ein film regissert av filmregissøren Harald Zwart som skal visast både på TV, kino og i sosiale medium fram til jul og i fleire periodar neste år. Det skal også satsast meir på marknadsføring og utvikling av fiskeprodukt og annan sjømat.

For å gjera det enklare å eta fisk, meiner Pettersen at det også må bli enklare å laga fiskemåltid og at sjømat i større grad også må bli ein del av moderne rettar som taco og wraps.

Les også: Ålen vert omtala som Europa sin elfenbein