Rolf Gammleng-prisen til åtte kunstnarar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rolf Gammleng-prisen blei oppretta ved Fond for utøvende kunstneres 25-års jubileum i 1982. Prisen fekk namn etter mannen som fekk oppretta fondet, Rolf Gammleng i Musikerforbundet.

Den vert gitt til profesjonelle musikarar og scenekunstnarar for «fortjenstfull innsats ved grammofoninnspillinger og i sceniske konserter/forestillinger» som det heiter i statuttane, eller for fantastisk innsats som utøvar over tid – på litt meir moderne språk.

Årets prisvinnarar:

Pianist Liv Glaser har inspirert klassiske utøvarar i mange år. Her er ho ved flygelet i 1966.
Arkivfoto: NTB scanpix / NPK

Veteranprisen går til Liv Glaser frå Oslo. Ho blir omtala som ei levande legende og ei stor inspirasjonskjelde for klassiske utøvarar. I sitt 83. år er Glaser framleis aktiv, både som pedagog og pianist.

Musikar Erlend Apneseth frå Jølster. Han har hardingfele som hovudinstrument, men har også fordjupa seg i improvisasjon, alternativ klang og pizzikatoteknikkar. Han har samarbeidd mykje med skodespelarar, dansarar, poetar og andre musikarar.

Musikar Tor Egil Kreken frå Ål i Hallingdal. Han er ein av frontfigurane i Darling West, men også kjent som ein svært dyktig studiomusikar og korist. Multiinstrumentalist med breitt spekter, frå bluegrass til viser og jazz.

Musikar Håkon Kornstad frå Oslo. Han er saksofonist og songar innan jazz og opera – frå

Susanne Sundfør er ein av prisvinnarane. Foto: Wikimedia Commons

frijazz til ariar. Han har eit stort publikum både i Noreg og i utlandet.

Musikar Susanne Sundfør frå Haugesund/Oslo. Med klassisk og jazz i botnen har ho utvikla sin særeigne stil som populærartist, songar og komponist.

Musikar Javid Afsari Rad frå Oslo. Han kom til Noreg i 1986 frå Iran, og hadde med seg det persiske instrumentet santur. Han har studert persisk klassisk musikk som musikken hans ber preg av, men også av vestleg musikk. Leier blant anna Rumi Ensemble, som turnerer verda rundt frå basen sin i Oslo.

Dansar Pia Elton Hammer frå Asker. Ho er frilansar kjent frå frie dansegrupper som Dans Design, Oslo Danse Ensemble og Zero Visibility Corp.

Skodespelar Anne Marit Sæther frå Trondheim. Ho starta Circa Teater i 1984 og driv det framleis. Gjennom dei siste 10 åra har ho spelt over 600 framsyningar for meir enn 70.000 barn.