På spøkelsesjakt? Sjekk ut desse gamle bygga!

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Anten du trur på spøkelse, eller ikkje, er det mange spanande historiar der ute.

Her er ei liste over norske turistattraksjonar, som du kanskje ikkje vil besøke nattestid.

Hotell Union Øye

Ærverdige Hotell Union Øye inst i Norangsfjorden vart opna i 1891 og har vore ein populær turistdestinasjon i generasjonar.

Hotellet har 27 rom som har fått namn etter eminente gjester som Keisar Wilhelm II, Kong Oscar II, Dronning Maud, Kong Haakon, Karen Blixen, Knut Hamsun, Sir Arthur Conan Doyle og Edvard Grieg.

Hotell Union Øye i Ørsta kommune er bygd i sveitsarstil og har trekt til seg selebre gjester i over eit århundre. Foto: Daniel Flathagen, Flickr

I rom nummer sju – «Det blå rommet» – skal ein kunne få besøk av husspøkelset Linda.

Sommaren 1901 skal den tyske greven Philip von Moltke og tenestejenta Linda ha forelska seg hodestups i kvarandre. Han frir til henne i  «Det blå rommet» og får ja.

Problemet er at han allereie er ulukkeleg gift i eit arrangert ekteskap. I fortviling over at han ikkje får si Linda, kastar greven seg i havet på reisa frå Noreg.

Så ein dag finn hotellets tilsette Linda flytande i elva med brurekjole og blomstarkrans i håret. Etter dette skal fleire gjester ha høyrt hjarteskjerande gråt i og utanfor rommet.

Når du kjem til Hotell Union Øye og overnattar på «Det blå rommet» får ein ei skål med kvitlauk. Set du ho utanfor rommet, held Linda seg borte, men set du skåla innafor så kjem ho inn.

Les også: Finn spøkelseshistoriene frå heimstaden din i nytt interaktivt kart!

Nidarosdomen er ein av Noregs mest populære turistattraksjonar. Foto: Holger Uwe Schmitt, Wikipedia CC BY-SA 4.0

Nidarosdomen

Bispesetet Nidaros domkirke i Trondheim stod ferdig rundt år 1300 og er utan tvil Noregs mest storslåtte kyrkjebygg.

Historia skal ha det til at ein på kvelds- og nattestid kan sjå ein munk vandrande rundt i katedralen.

Den mest kjende beretninga er frå bispinne Marie Gleditsch, som på midten av 1920-talet meiner å ha sett ein kuttekledd skikkelse under aftengudsteneste.

I  nokre gjengivingar av histora blir det fortalt at bispinna såg munken ta kvelartak på presten.

I 1966 vart munken igjen aktuell då ein filosofimagister og to studentar fortel at dei høyrde slepande skritt og messesang.

Ikkje minst har munken figurert i populærkulturen, mellom anna i ein episode av Brødrene Dal og legenden om Atlant-is.

Harastølen

Lyster sanatorium vart opna i 1902, som ein behandlingsstad for tuberkulosepasientar. Seinare har bygget som vert kalla Harastølen vorte brukt til psykiatrisk sjukehus og asylmottak. Sidan midten av 1990-talet har bygget stått tomt.

Bygget har etter dette lokka til seg spøkelsesjegarar på jakt etter mellom anna jenta på lintøylageret. Her har dei kunne finna spor av tidlegare drift i form av utstyr og journalar.

I 2014 spelte det forlatte sanatoriet ei av hovudrollene i skrekkfilmen Villmark 2.

Harastølen i Luster i Sogn og Fjordane spelte ei stor rolle i skrekkfilmen Villmark 2. Foto: Villmark 2

Det har lenge vore uklart kva som skal skje med det gamle falleferdige bygget, men ifølgje NRK.no har ei investorgruppe konkrete planar om å gjere bygget om til hotell.

Les også: Spøkelsesjakt på Harastølen

Akershus festning

I hovudstaden kan du delta på spøkelsesvandring, som sjølvsagt går innom Akershus festning. Ifølgje tidsskriftet Historie vert festningen kalla Noregs mest heimsøkte bygg.

Det første spøkelset, ein vond hund kalla Malacanisen skal ha vorte murt levande inn i kongeborga, som stod der før festningen. Dette skal ha betydd hell og lukke, men då borga stod ferdig i 1299 byrja ein å høyra lydar frå under borga.

Akershus festning skal vere Noregs mest heimsøkte bygg. Foto: M(e)ister Eiskalt, Wikipedia CC BY-SA 4.0

Kommandant Hanssøn Litle skal ha overlevd eit basketak med hunden i Mørkegangen, berre for å omkomme i ei rideulukke kort tid seinare. Historia er at den som har sett hunden, ikkje lever lenge.

I tillegg skal festningen vere heimsøkt av ein av kammerpikene til Dronning Margrete 1. (1353–1412) som regjerte over Danmark, Noreg og Sverige.

Tenestejenta skal ha svelta i hel ei kald vinternatt og viser seg no utan ansikt i Margaretasalen.

Nokre spekulerer i at Josef Terboven går igjen på Skaugum. Foto: Riksarkivet (National Archives of Norway)

Skaugum

Eitt spøkelse av litt nyare dato skal heimsøke kongsgarden på Skaugum.

Under andre verdskrigen var garden okkupert av tyskarane. Ein bunker berre nokre hundre meter frå hovudhuset var heimen til rikskomissær Josef Heinrich Terboven.

Rett før freden vart underteikna 8. mai 1945 sprengde han seg sjølv i lufta saman med SS- og politisjefen obergruppenführer Wilhelm Rediess.

I 2007 fortalte Se og Hør om gardistar som meinte å ha høyrt rare lydar, merkelege spor og at det ringte frå yttarste posten, sjølv om ingen var der.

Ein av teoriane er at det er Terboven som går att.

Skaugum gård anno 1921. Foto: Anders Beer Wilse, Galleri Nor, Wikipedia