Finn spøkelseshistoriene frå heimstaden din

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norsk folkeminnesamling ved Universitetet i Oslo har mange gamle segner frå heile Noreg i samlinga si. Desse vart samla inn på 1800- og 1900-talet. No lanserer dei eit digitalt kart der segnene i samlinga er plasserte på Noregskartet der dei blei samla inn.

– Segn er ein internasjonal sjanger, men med lokal stadfesting. Segnene i samlinga vår handlar om overnaturlege vesen, men det som skil segna frå eventyret, er at segna gir seg ut for å vere sann, forklarar kulturhistorikar Line Esborg på nettsidene til UiO.

Svensk-norsk samarbeid

Det nye digitale kartet er eit samarbeid med Norsk Folkeminnesamlings svenske søsterarkiv, Institutt för språk och folkminnen. Det norsk-svenske kartet inneheld over 6.000 segner.

– Ideen er å gjere samlinga tilgjengeleg for alle. Mange er opptatt av heimbygda si og kva for forteljingar som blei fortalt der, og i dette nye segnkartet kan alle som er interesserte finne segnene frå sin heimstad, seier Esborg.

I det digitale segnkartet kan ein få overblikk over talet på segn per område, lagre favorittforteljingar og dele dei via sosiale medium.

SJÅ DET INTERAKTIVE KARTET HER!

Treng hjelp

Kartet skal byggjast ut og Esborg håpar på å få hjelp frå brukarane av kartet.

– Dette er berre første fase i innsamlinga, og vi håpar å byggje ho ut med fleire segner og meir kunnskap om personane som samla dei inn. Dersom folk har forteljingar frå heimstaden sin som ikkje er med, blir vi veldig glade viss dei tar kontakt med oss, seier Line Esborg. (©NPK)

LES OGSÅ: Spøkelsesjakt med avanserte instrument på Harastølen

LES OGSÅ: Svarte-Røssland og spøkelsa hans