Nigardsbreen i Jostedalen har trekt seg 80 meter tilbake

Nigardsbreen i Jostedalen har i løpet av sommaren trekt seg 80 meter tilbake, noko som kan gjere den farlegare enn tidlegare, meiner professor Atle Nesje.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ein del av desse brearmane er ganske farlege. Når dei smelter tilbake og sprekk opp, blir dei potensielt endå farlegare for dei som går for nær, seier Nesje som er professor ved Universitetet i Bergen til NRK.

– Eg frykta jo dei tala vi skulle få i haust, men at det skulle bli så mykje som 80 meter, det hadde eg ikkje sett for meg. Det er dramatisk og overraskande, seier Nesje.

Les også: Nordmenn er redde for å miste naturopplevingar

Resultat av mange år med smelting

Nigardsbreen er ein brearm av Jostedalsbreen i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Senioringeniør Bjarne Kjøllmoen i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) seier det ikkje er den varme sommaren som er hovudårsaka til tilbaketrekkinga i sommarmånadane.

– At den går så mykje tilbake, handlar om kva som har skjedd oppå breplatået dei siste tiåra. Det er eit resultat av mange år med meir smelting enn tilførsel av snø, seier han.

Ifølgje Kjøllmoen vil den nedste delen av isbreen vere borte om fire-fem år dersom den trekkjer seg tilbake like mykje kvart år. Tilbakegangen i år er den største NVE nokon gong har målt.

Les også: – Svalbard er ein varsellampe for kva som kan kome til å skje