Føreslår å erstatta bibliotekarar med datamaskiner
Finnmark fylkeskommune må spara pengar, og føreslår å kutta ut skulebibliotekarane.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Elevar og lærarar på videregåande skular i Finnmark kan mista skulebibliotekarane sine. Fylkeskommunen må spara over 11 millionar kroner, og ser no på korleis dei kan spara og effektivisera skulane i fylket.
Eitt forslag er å erstatta skulebibliotekarane med datamaskiner.
– Det er ein risiko for at det går ut over viktige tilbod, åtvarar dei tillitsvalde i Bibliotekarforbundet i eit brev.
NRK har intervjua elevar som òg understrekar at dei treng skulebibliotekarane, mellom anna for å finna bøker og hjelpa til med kjeldekritikk.