Maria Parr og foreningen !Les nominert til verdas største barne- og litteraturpris

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Oi! Det var utruleg stort og kjekt. Eg veit ikkje kor mykje meir eg kan seie enn at det er ei utruleg gledeleg og stor ære, seier Maria Parr på telefon til Framtida.no.

Nyheita var så fersk at ikkje ein gong den beæra forfattaren hadde fått med seg at ho står på nominasjonslista.

Forfattarar, illustratørar og lesefremjande arbeid

Litteraturprisen til Astrid Lindgrens minne vart oppretta i 2002, og er verdas største barne- og ungdomslitteraturpris. Prissummen er fem millionar svenske kroner.

Prisen er internasjonal og blir årleg delt ut til ein eller flere prisvinnarar uavhengig av språk eller nasjonalitet.

Forfattarar, illustratørar, forteljarar eller lesefremmande arbeid kan motta prisen.

Det kjem fram i ei pressemelding frå Foreningen !Les.

Les også: Maria Parr fekk nynorsk barnelitteraturpris 2017

Ei heider av arbeidet for leselyst

Foreningen !Les er stolte over å bli nominerte til ALMA-prisen. Foto: Foreningen !Les

Blant dei norske kandidatane, som i hovudsak består av forfattarar og illustratørar, finn vi òg ei foreining.

Dei jobbar med å formidle litteratur til barn, ungdom og vaksne, og som vil inspirere alle til å lese meire.

– Det er ein stor heider av arbeidet vårt, seier dagleg leiar i Foreningen !les, Silje Tretvoll, i ei pressemelding.

– At vi blir nominerte for fjerde år på rad viser at arbeidet vi gjer med å skape engasjement for lesing og litteratur blir lagt merke til nasjonalt og internasjonalt, legg ho til.

Les også: Brynjulf Jung Tjønn: Frå mobilnotat til ungdomsbok

Skal auke interessa for barne- og ungdomslitteratur i verda

Formålet med prisen er å styrke og auke interessa for barne- og ungdomslitteratur i verda. Basen for arbeidet er FN sin barnekonvensjon om barn sin rett til kultur.

Prisvinnaren blir kåra av ein jury som tek imot nomineringar frå heile verda, og blir offentleggjort den 2. april 2019. Prisen blir administrert av Statens kulturråd i Sverige.

Les også: Melding: Ingenlund er ikkje nye Harry Potter. Universet står trygt på eigne bein

Her er lista over alle som er nominert frå Noreg:

Lene Ask, illustratør
Rune Belsvik, forfattar
Gro Dahle, forfattar
Harald Rosenløw Eeg, forfattar
Fam Ekman, forfattar/illustratør
Anna Fiske, forfattar/illustratør
Stian Hole, forfattar/illustratør
Marit Kaldhol, forfattar
Gry Morsund, forfattar/illustratør
Svein Nyhus, forfattar/illustratør
Maria Parr, forfattar
Bjørn Rørvik, forfattar
Øyvind Torseter, illustratør