No kjem dei nye 50- og 500-kronesetlane

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Temaet for den nye 50-kronesetelen er «Havet som bind oss saman». Det blir symbolisert gjennom hovudmotivet på setelen, som er Utvær fyr i Solund kommune. Fyrstasjonen frå 1900 er det vestlegaste punktet i Noreg.

På baksida av setelen er det noko som kan minna om eit lyssignal frå eit fyr over slake bølgjer. Langs heile kysten er det rundt 21.000 fyr og sjømerke som hjelper sjøfarande med å navigera.

Redningsskøyte som hovudmotiv

500-kronesetelen har «Havet som gir oss velferd» som tema, og har redningsskøyta RS 14 Stavanger som hovudmotiv. Skøyta er designa av den mest kjende båtbyggjaren i Noreg, Colin Archer, og blei bygd på verftet hans i Larvik.

Ho blei sjøsett i 1901 og hadde til saman 37 år i aktiv teneste for Redningsselskapet. Skøyta skal no bevarast som museumsfartøy.

Les også: Kvifor har bitcoin verdi?

Fornying av alle norske setlar

I mønsteret på baksida av 500-kronesetelen kan ein skimta ei oljeplattform, mens vinden er noko sterkare, og bølgjene noko større, enn på 50-kronesetelen.

Dei nye 50- og 500-kronesetlane kjem som ein del av fornyinga av alle norske setlar, og er til liks med dei andre setlane basert på eit designforslag frå Metric Design og Terje Tønnessen.

30. mai i fjor kom dei nye 100- og 200-kronesetlane, mens 1.000-kronesetelen blir gjeven ut i 4. kvartal neste år. Dei noverande 50- og 500-kronesetlane er gyldige i eitt år etter at dei nye setlane er lanserte.

Les også: Kokar bitcoins kloden?