Bondelaget meiner regjeringa sviktar klimavennlege bønder

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er oppgitt over at regjeringa ikkje følgjer Stortingets fleirtal om eit klimafond som vil bidra til nødvendige klimainvesteringar i landbruket, seier Norges Bondelags leiar Lars Petter Bartnes.

Han meiner at den verste tørkesommaren på over 100 år har vist at det er stort behov for effektive verktøy for å møte klimautfordringane i landbruket.

Fleirtal på Stortinget bad om eit klimafond

Under behandlinga av jordbruksoppgjeret i vår bad eit fleirtal på Stortinget regjeringa om å greie ut og komme tilbake med ein modell for eit klimafond i statsbudsjettet for 2019. Det har ikkje skjedd.

Bondelaget ser for seg ei fondsordning som eit spleiselag mellom bonden og staten. Bonden set av middel til investeringar og får ein skattefordel når det blir gjennomført konkrete, målretta klimatiltak.

– Målet er å få realisert klimatiltak som over tid kan bidra til reduserte klimautslepp frå næringa, understrekar Bartnes.