Vann pris for film om framandkrigarar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vann med film om heilag krig

– Eg er spesielt glad for at denne prisen er ein kombinasjon av to aspekt, både filmkunst og menneskerettsarbeid, for det er nettopp denne kombinasjonen eg brenn mest for, sa Deeyah Khan via video under dagens prisutdeling ifølgje ei pressemelding frå Norsk Filminstitutt.

Dette er sjuande gong menneskerettsprisen og ein sum på 50.000 kroner vert delt ut av Kulturdepartementet.

LES OGSÅ: Kajsa Næss laga teiknefilm om barn med ein pappa i fengsel

Æresdrap og framandkrigarar
Den norsk-pakistanske filmskaparen Deeyah Khan, som på 90-talet vart kjent under artistnamnet Deepika, har dei siste åra markert seg som ein dyktig og samfunnsengasjert filmskapar.

Førre månad tok ho imot Jenteprisen frå Plan Norge, for sin innsats for jenters rettigheiter.

Ho har òg vunne ein Emmy for dokumentarfilmen Banaz: A love story – som handlar om æresdrap i Storbritannia.

I den 49 minutt lange dokumentaren Jihad – hellige krigere har filmskaparen, som lenge har budd og arbeidd i England, følgt ei gruppe britar som vert religiøse krigarar.

Filmen, som ligg ute på NRK nett-tv, søkjer å finna svar på kvifor britiske skuleungdommar med innvandrarbakgrunn ender opp som ekstremister.

Khan møter òg framandkrigarar som har kome seg ut og meiner det er mogleg å utfordra desse valdelege rørslene med kunnskap.

LES OGSÅ: Foreldra må forlate Kuba (12) for å jobbe

Modig film
Juryen meiner filmen gjev håp og hyllar Khan for sitt mot og si evne til å formidla forteljinga til framandkrigarane på ein nyansert og klok måte.

Samstundes som filmen tek avstand frå ekstremisme, klarar filmskaparen å gje ei djupare forståing av kvifor nokon vel denne vegen. Slik fremmar filmen menneskerettar og samfunnets toleranse for dei som fell utanfor.

– Årets vinnar rører ved høgst aktuell tematikk og fortel ei historie om "dei andre" som sjeldan blir fortalt i offentlegheita. Jihad er eit viktig bidrag og utgangspunkt for å sjå og snakke om korleis ein kan jobba for å bidra til felles mellommenneskelege verdiar i samfunnet, sa politisk rådgjever i Kulturdepartementet, Kjersti Aastad, under utdelinga.

Sjå traileren her:

Faktaboks

Kulturdepartementets menneskerettspris for kortfilm vart etablert i 2003

Målet er å inspirere til kunstnerisk eller dokumentarisk behandling av menneskerettsspørsmål på film

Prisen vert delt ut annakvart år til ein norskprodusert film på under 72 minutt, uavhengig av sjanger, som tek opp behandling av menneskerettar i Noreg

I juryen: Røde Kors-leiar Mads Harlem, filmregissør Iram Haq og Martha Otte, festivalsjef for Tromsø Internasjonale filmfestival (TIFF).

Tidlegare vinnarar:

«Du velger selv» (Kajsa Næss 2013)

«Imagining Emanuel» (Thomas Østbye 2011)

«Velkommen til Norge» (Mona Bertheussen 2009)

«Mannen som elsket Haugesund» (Jon Haukeland og Tore Vollan 2003)

«Bawke» (Hisham Zaman 2005)