J.K Rowling får indianarkritikk

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bakgrunnen for kritikken er hennar siste forteljing History of Magic in North America  ei historie i fire delar, som denne veka vert lansert på hennar offisielle nettstad Pottermore. Eitt nytt kapittel vert offentleggjort kvar dag klokka 14.00 frå tysdag til fredag.

Historia er ei opplading til haustens storfilm Fantastic Besats and Where to Find them – filmatiseringa av ei bok, først kjent frå trollmannskulen Galtvort sine pensumlister.

LES OGSÅ: Norske ungdommar spelar rumpeldunk

Filmen har kinopremiere i USA 18. november 2016.

Navajo-mytologi
I sin historie om magi i Nord-Amerika skildrar J.K. Rowling Skin walkers, som her er ei forteljing frå No-maj (vanlege folk), om trollmenn som skapar seg om til dyr.

Omgrepet skin walkers er ikkje noko J.K. Rowling har funne på. Dei er ein viktig del av navajo-stammen sin mytologi. Ifølgje nettstaden Navajo Legends er skin walker ein medisinmann eller ei heks, som vel å bruka kreftene sine til vondskap. Navajoane sjølv er forsiktige med å snakka høgt om desse skapningane.

Adrienne Keene, som har teke doktorgrad på amerikanske urfolk, er sterkt kritisk til forfattaren sin bruk av urfolkslegender. På bloggen Native Appropriations kritiserer ho korleis den store gruppa av ulike stammar – som vert slått saman i kategorien indianararar – stadig vekk vert framstilt som fantasifigurar i populærkulturen.

Keene, som sjølv har cherokee-bakgrunn, meiner J.K Rowling si historie er ei nykolonisering av amerikanske urfolk.

Keene er òg kritisk til at J.K. Rowling, som er kjent for å vere tilgjengeleg for fansen, ikkje har svart på kritikken.

Men Harry Potter-universet er ikkje utelukkande dårleg nytt for minoritetar. Ein mindre italiensk studie peikar nemleg på at elevar som identifiserer seg med Harry Potter viser meir empati for minoritetar.