Skodespelarar og filmfans langar ut mot kvitvaskinga i «Ghost in the Shell» og «Doctor Strange», der kvite kvinner speler roller som asiatar.

 

Filmbransjen i Hollywood har ikkje rykte på seg for særleg stort mangfald. Før årets Oscar-utdeling trenda emneknaggen #OscarsSoWhite, og kjendisar oppmoda til boikott av utdelinga.

Dei gode rollene for afroamerikanske og asiatiske skodespelarar er få, noko Oscar-tildelingane speglar. Halle Berry er til dømes den einaste afroamerikanske skodespelaren som har fått prisen for beste kvinnelege hovudrolle.

Og om du trudde rolleutvalet var dårleg for amerikanarar med mørk hud, må du sjå endå lenger etter amerikanarar med asiatisk utsjånad blant prisvinnarane.

Få asiatiske roller i Hollywood
I september kom USC Annenberg med sin årlege rapport om mangfald i filmbransjen. Forskarane har sett på framstillinga av kjønn, rase/etnisitet, LHBT og funksjonshemming i 800 storfilmar i alle sjangrar frå 2007-2015.

I dei 100 utvalde storfilmane frå 2015 var 73,7 prosent av karakterane kvite, 12,2 prosent prosent var svarte, 5,3 prosent var latino og 3,9 prosent var asiatiske. Ikkje ei einaste hovudrolle var spelt av ein asiatisk skodespelar.

Bransjen får kritikk for å ikkje ha snakkande karakterar med ulik etnisk bakgrunn, slik at filmverda representerer den faktiske samansettinga av amerikanarar.

Fenomenet er ikkje nytt, men den siste tida har filmindustrien i Hollywood fått mykje kritikk for å kvitvaska asiatiske roller.

LES OGSÅ: Filmbransjen diskriminerer kvinner, ifølgje ein FN-rapport frå 2014

ScarJo som kyborg
Denne månaden kom første traileren til storfilmen «Ghost in the Shell», som har verdspremiere i mars 2017.

Det har storma på Twitter heilt sidan nyheita om at Scarlett Johansson fekk rolla som kyborgen Major Motoko Kusanagi i Rupert Sanders sin Hollywood-versjon av den japanske anime-teikneserien frå 1989. Teikneserien om den halvautomatiske politikvinna vart først festa til film av animefilmskaparen Mamoru Oshii i 1995.

På ein presentasjon i Tokyo gjekk regissør Sanders ut og forklarte kvifor han valte Scarlett Johansson.

– For meg er det veldig få skodespelarinner som har 20 års erfaring, som allereie har den cyber punk-estetikken bakt inn. Ho kjem frå så edgy filmar som «Lost in translation» og «Under the skin». Ho har gjort fantastisk arbeid, og attituden og tøffheita hennar er – for meg – The Major, uttala Sanders frå scena.

Over 100.000 har signert eit opprop på nett mot Dreamworks si kvitvasking av den populære japanske sci-fi-karakteren.

– Originalfilmen finnstad i Japan og størsteparten av rollebesettinga er japansk. Så kvifor har den amerikanske versjonen ei kvit skodespelarinne i rolla? spør initiativtakar Julie Rodriguez.

Men i mangaens heimland synest det å vera mindre kontrovers rundt skodespelarvalet:

Tilda som gamal mann
Den andre filmen som har skapt kontrovers på grunn av rollevalet er Tilda Swinton som karakteren The Ancient One i kinoaktuelle «Doctor Strange».

Ein av manusforfattarane, C. Robert Cargill, fortel i intervju med podcasten Double Toasted at karakteren The Ancient One er den største kulturelle landmina i teikneseriegiganten Marvel si historie.

– The Ancient One var ein rasistisk stereotyp som kjem frå ein del av verda som er i ein veldig uviss politisk situasjon. Han kjem frå Tibet, og viss du anerkjenner Tibet risikerer du å støyta frå deg 1,1 milliardar menneske og du risikerer at myndigheitene i Kina, som er ein av dei største filmmarknadane, ikkje vil visa filmen, seier han.

Star Trek-skodespelar George Takei er ein av mange som har kritisert rollevalet:

So let me get this straight. You cast a white actress so you wouldn’t hurt sales…in Asia? This backpedaling is nearly as cringeworthy as the casting. Marvel must think we’re all idiots.

Posted by George Takei on 30. april 2016

 

Lewis Tan, som spelar skurk i den komande Netflix/Marvel-serien «Iron Fist» er ein annan kritikar av skodespelarvalet. Til Variety argumenterer han for ei asiatisk kvinne i rolla som The Ancient One.

– Eg meiner det er ei stor multikulturell, mangfaldig gruppe som ikkje ser seg sjølv representert riktig, som heltar og kjærleiksinteresser, seier Tan til Variety.

LES OGSÅ: Katniss Everdeen banar veg for heltinner

Politisk val
Teikneseriegiganten Marvel har svart på kritikken i ei pressemelding til Mashable.com. Dei meiner selskapet har  ein sterk historie med mangfaldige filmroller og forsvarar valet av Swinton slik:

–The Ancient One er ein tittel som ikkje høyrer til ein enkelt karakter, men heller eit kallenamn som er nedarva gjennom tidene og i denne filmen er kroppsleggjeringa keltisk. Me er veldig stolte over å ha den enormt talentfulle Tilda Swinton til å portrettera denne unike og komplekse karakteren ved sida av vår rike mangfaldige rolleliste.


The Ancient One i den klassisk framstilling. Teikning: Carl Potts / Marvel Comics

Skodespelar Tilda Swinton forklarar sjølv i eit intervju med Belfast Telegraph at reaksjonane byggjar på ei misforståing:

– Nokre trudde at ei kvit kvinne vart casta som ein asiatisk mann, noko som ikkje er tilfellet. Det hadde vore vanskeleg om det var slik. Men me har måtte venta på at folk fekk sjå filmen for å forstå grunnane våre. Det Marvel ville gjera var å rykkja i ein ganske skadeleg rasistisk stereotyp: ein gamal asiatisk mann som sit på ein bakketopp og gjev visdom til ein kvit helt.

Og om du ikkje får nok av historier om Hollywood si ekstreme kvitvasking kan du gremmast over denne videoen frå Last Week Tonight With John Oliver i høve årets heilkvite Oscar-utdeling:

LES OGSÅ: Er Bechdel-testen ein god test på likestilling i film?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.13

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE