Stormen «Knud» førte til rekordproduksjon av vindkraft
Aldri før har det blitt produsert like mykje vindkraft på ei veke i Norden som då «Knud» trefte Skandinavia.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vindkraftproduksjonen stod for ein femtedel av den samla nordiske kraftproduksjonen i veke 38. Det er historisk, seier Raghav Gogia, overingeniør i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), til Dagens Næringsliv.
Totalt utgjorde vindkraftproduksjonen i Noreg, Sverige, Danmark og Finland 1,34 terawattimar (TWh) i veke 38. Til samanlikning var det samla kraftforbruket i Tromsø i 2017 1,2 TWh.
«Knud» førte også til ny rekord for vindkraft produsert i Norden på ein time. Mellom klokka 10.00 og 11.00 22. september vart det produsert 13,9 GWh. Det svarar til 13,9 millionar kilowatt-timar.
Den førre vekerekorden 1,2 TWh, vart sett i desember 2017, og den førre timerekorden 11,1 GWh, vart sett i januar i år.