Regjeringa vil la 16-åringar køyre mopedbil

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Samferdselsdepartementet har bede Vegdirektoratet sende eit forslag på høyring som går ut på at aldersgrensa for å køyre mopedbil senkjast til 16 år, opplyser Frp.

– Eg meiner det heilt klart er ein fordel at 16-åringar kan få køyre mopedbil. Det vil gi meir erfaring og betre køyreferdigheiter. Dei vil lære å beherske ein bil, lese og forstå trafikken slik at overgangen til ein skikkeleg bil vil bli langt enklare når dei fyller 18 år, seier vegpolitisk talsmann i partiet, stortingsrepresentant Tor André Johnsen.

I dag må ein vere 18 år gammal for å køyre mopedbil over 150 kilo

– Eg vil hevde at det også er vesentleg tryggare og sikrare med ein mopedbil enn ein moped, seier Johnsen.

Les også: Noreg verdsmeistrar i trafikktryggleik