Are Kalvø: «Sjukt lykkelig»

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norge har blitt kåra til det lykkeligaste landet på kloden. La oss for ein gongs skuld ikkje berre slå oss på brystet, eller surmule og seie sånt som at «dei som laga denne rangeringa har openbart aldri budd i ulvesona». La oss for ein gongs skuld sjå bak tala og rangeringa. La oss sjå større på det og prøve å forstå kva det er som gjer menneske lykkelige. Kanskje vi kan lære noko.

Dette er det ti lykkeligaste landa i verden, ifølgje rangeringa: Norge, Danmark, Island, Sveits, Finland, Nederland, Canada, New Zealand, Australia, Sverige.

Kva har desse landa felles?

Det er ikkje så vanskelig å sjå. Om ein skal dømme etter denne lista, så er vegen til lykke å vere berre sånn passelig god i fotball. Ingen land på denne lista er skikkelig gode i fotball. Ingen er heilt elendige heller. Land som er skikkelig gode i fotball, som Brasil, Tyskland, Italia og Argentina, er ikkje inne på topp ti-lista over dei lykkeligaste landa. Og heilt nederst på lista finn vi land som Sør-Sudan, Rwanda, Burundi og Den sentralafrikanske republikk. Altså: Land som aldri har vore i fotball-VM.

Enkelt.

Men så ser ein nærmare etter. Og Nederland er jo faktisk ganske gode i fotball. Og Island gjorde det overraskande bra i EM i fjor, og Norge har no tatt over trenaren til Island, så Island, Norge og Nederland burde kanskje vore på veg nedover lykkestatistikken om fotball var forklaringa. Men slik er det jo ikkje.

Så kanskje handlar det ikkje om fotball likevel.

Ok. Kva med dette:

Alle dei ti lykkeligaste landa i verden er med i Eurovision Song Contest. Unntatt New Zealand og Canada. Og igjen: Er Sør-Sudan med i Eurovision Song Contest? Er Rwanda? Er Den sentralafrikanske republikk? Har du nokon gong, ein laurdagskveld i mai, høyrt orda «And our twelve points go to … Burundi!»

Trudde ikkje det. Og kom ikkje her med at Eurovision er ein europeisk konkurranse. Australia er med i Eurovision. Israel også. Som for øvrig ligg på ellevte plass på lykkelista. Så alle får vere med. Du må berre ville det nok.

Nettopp.

Men altså: Canada og New Zealand. To av ti unntak. Det held ikkje.

Så Eurovision er nok heller ikkje forklaringa.

Kan det vere at dei lykkeligaste landa i verden er dei landa der folk les Jo Nesbø? Nei, Nesbø er også bestseljar i alle dei minst lykkelige landa i verden. Og dei midt mellom.

Så nei.

Den opplagte forklaringa har med pengar å gjere. Alle på topp ti-lista er relativt rike land. Men den er for enkel. Alle har blitt tuta øyrene fulle dei siste åra med at Kina har hatt ein voldsom velstandsvekst, for eksempel. Og Kina kjem laaaaangt ned på lykke-lista. Og dei er visstnok ikkje på veg oppover heller.

Kanskje er det noko meir i tillegg til pengar? Sannsynligvis er dette samansett. Slikt er som regel det. Greitt. Så la oss prøve då å sjå på kva alle dei lykkeligaste landa har felles, og kva dei lykkeligaste landa har meir av enn dei minst lykkelige landa. Om ein ser slik på det, kan det verke som om folk blir lykkelige av å ha nok mat og drikke og pengar og fridom og fred og demokrati og fungerande samfunn. Og at dette gjer deg lykkeligare enn å ikkje ha nok mat og drikke og pengar og fridom og fred og demokrati og fungerande samfunn?

Artig tanke, sjølvsagt.

Men nei, det kan umulig vere så enkelt.

Og ikkje er det fotball. Eller Eurovision.

Eg trur vi toppar lista fordi nordmenn er så flinke til å gå på tur. Og søte.

Først publisert i Aftenposten 25. mars.

Gjekk du glipp av den mest populære Kalvø-teksten så langt i år? Les han her!