«Jeg vil ha mer.»
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I tillegg til den ekstreme menstruasjonen som Camilla vert utsett for, oppfører heller ikkje puppane hennar seg innanfor normalvariasjonen. I romanen Hyperpubertet av Vera Michalsen, veks puppane til Camilla til svære luftballongar når dei vert varma opp, og lufta forsvinn att når dei vert kalde.
Camilla oppdagar det først åleine i dusjen, og seinare framføre heile klassen i ein symjetime.
Internettkjendis
Badeballane strekker bikinistoffet til det yttarste. Veninnene står klare med kameraet, og utan at Camilla veit om det, legg Regine, Stine og Eline seansen ut på internett.
Filmane får ein million treff, og suksessen er så lokkande at far til Regine seier opp jobben sin som innkjøpsansvarleg på Europris for å vere manager for den lokale og svært ettertrakta kjendisen Camilla.
Far til Regine proklamerer begeistra at no skal dei tene masse pengar og komme på tv.
Nokre månader seinare, etter at dei udugelege foreldra har stelt i stand fleire mislukka forsøk på å tene pengar på Camilla sin status som internettkjendis, merkar Camilla ei uforklarleg dragning mot Christoffer i klassen.
Sjølv om Camilla gjer sitt beste for å halde seg i trygg avstand, er det kroppen hennar som bestemmer.
«Fryktelig kjønnsmoden»
Paret dultar borti kvarandre på skulen, og hormona til Camilla tek styringa.
Kroppskontakten, lukta og varmen er ikkje til å halde ut, og ho gir etter for lystene. Camilla gapar og sleikar på klassekameraten sin: «Jeg tygger litt på han. Det smaker jordbær, eple, havsalt og jern. Jeg har ikke smakt noe bedre i hele mitt liv, og jeg vil ha mer.»
Ein annan romankarakter som også kjenner seg «fryktelig kjønnsmoden», er Mons, kalla Monster, frå Christian Valeur sin roman Sprengt monster. Boka opnar med at tolv år gamle Monster prøver å imponere Marianne med opplysninga om at han har fått si første utløysing.
Tusen gongar
Marianne er den penaste dama Monster veit om. Han fortel begeistra at det kom noko ut av tissen hans, og når Marianne litt bekymra spør om det var blod, er svaret at nei, det var blankt. «Jeg stod i dusjen og prøvde å få tissen inn i munnen, men det gikk ikke helt, for jeg har ikke myk nok rygg, men så plutselig kom det noe ut. Jeg fikk det på tungen.»
Monster er ein svært frisk og engasjerande tornado i liva til alle han møter. Han vert forelska i alle jentene, og festlege og frustrerande situasjonar oppstår på klassetur, på øving med TenSing-koret, på skuleball, på konfirmantundervisninga og med vennegjengen.
Fire år etter forsøket på å sjarmere Marianne, kan han konstatere at han har fått utløysing om lag tusen gongar. Det svarar til om lag fem utløysingar i veka, om lag som talet på orgasmar for både gutar og jenter i tenåra.
Kroppen har blitt vaksen
Onanering, masturbasjon, runking, fingerspel. Det er, for å seie som helsesøstrer landet rundt, «heilt naturleg» å uforske korleis kroppen fungerer.
Det er heilt naturleg å vere nyfiken på kva som skjer når det kjennest så godt å røre ved kjønnsorgana sine. Kunnskap gir tryggleik og sjølvtillit rundt sin eigen kropp.
Kroppen som før var eit barn, har etter mange år med hormonelle endringar blitt vaksen. Om nokre år er også hjernen klar til å ta vaksne val.
På innsida har ungdomskroppen gjort seg klar til å bli forelder, til å føre gena vidare til neste generasjon. Nokre av tenåringane gjer seg klare til å ha sex. Då blir det også mykje søl.