Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 12.11.2018 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag, 13. september, hadde Roald Dahl vorte 102 år. Difor dedikerer vi dagen i dag til han!

Det har nesten vorte skrive like mange bøker om Roald Dahl som han skreiv sjølv, men dette er kanskje nokre fakta som har gått fleire hus forbi.

Han snakka (litt) norsk

Endå Roald Dahl var fødd i Cardiff i Wales, så var begge foreldra norske. Mora heitte Sofie Magdalene Hesselberg og faren Harald Dahl. Forfattaren vaks difor opp med norsk i heimen og ferierte i Noreg, men språket vart vel rustent med åra. I eit intervju med Henry Notaker på NRK fortalde likevel eine søstera til Roald Dahl, Alfhild, at dei framleis snakka norsk om dei skulle seie noko dei ikkje ville at andre skulle forstå!

Han har skrive manus til James Bond

Det er ikkje allment kjent at den norsk-ætta forfattaren ikkje berre skreiv barnebøker og mørke noveller. Roald Dahl skreiv også manuset til James Bond i Japan (org.tittel: You only live twice, frå 1967). Det var også den første James Bond-filmen der Dronning Elizabeth II tok på seg finstasen og dukka opp på premiere.

Les også: Roald Dahl twerkar på nynorsk

Han var pilot under andre verdskrig

Roald Dahl trong kanskje ikkje leite så langt etter inspirasjon til James Bond-manus. Sjølv var han nemleg pilot under andre verdskrig, og erfaringane derifrå var meir enn dramatiske nok.

På ein solo-flytur i Egypt, så oppdaga Dahl at det var lite drivstoff igjen på tanken og han vart tvinga til å lande flyet. Det var enklare sagt enn gjort – det både nærma seg natt og var over ørkenen, så han enda opp med å krasjlande. Dahl fekk brot både i hovudskallen og nasa og vart mellombels blind, men likevel så makta han å drage seg vekk frå vraket. Han fekk heller ikkje skrekken av opplevinga, og heldt fram som pilot eit drygt år til. Men skadane frå flykrasjet tok han att, og han vart erklært kampudyktig.

Hendinga danna også grunnlaget for den første novella Roald Dahl skreiv, Skoten ned over Libya (org. tittel: Shot down over Libya), som vart publisert i The Saturday Evening Post i august 1942.

Eit slikt fly flaug Roald Dahl då han krasja.

Eit slikt fly flaug Roald Dahl då han krasja.

Han var ein ekte spion

Etter å ha satt flyet på bakken, heldt Roald Dahl fram med å vanke i mektige sirklar.  Frå 1942 arbeidde han på den britiske ambassaden i Washington D.C, og medan han var der vart han rekruttert som spion. Dahl var så flink å prate for seg at den britiske etterretningstenesta MI6 hadde lagt merke til han, og plutseleg hadde Dahl i oppgåve å kviskre i øyret til Winston Churchill kva den amerikanske presidenten Franklin D. Roosevelt hadde føre seg, og kor vidt amerikanarane ville engasjere seg i krigsinnsatsen.

Han vart gravlagd med favoritt-tinga sine

Som ein ekte viking vart Roald Dahl gravlagd med ting som var viktige for han. Det var mellom anna sjokolade, ein betre raudvin, ei elektrisk sag, biljardkøar, og naturleg nok også HB-blyantar! Vel budd, med andre ord.

Han skreiv bøkene sine for hand

Skrivemaskina var både oppfunnen og i bruk då Roald Dahl skreiv sine mange bøker. På tampen var også datamaskina i ferd med å ta over. Det hadde ikkje så mykje å seie, Dahl tok blyanten fatt. Bokstaveleg talt. Sjølv sa han at han alltid spissa seks blyantar før han tok fatt på si daglege skriveøkt, i ei lita hytte i enden av hagen.

Han fann opp hundrevis av nye ord

Dei fantasifulle bøkene til Roald Dahl er fulle av mange fantasifulle ord. Så fantasifulle at dei ikkje eksisterte før han skreiv dei! Det karakteristiske språket hans vart kalla «Gobblefunk», og i høve 100-årsjubileet for då han vart fødd, vart det gjeve ut i ei «Gobblefunk»-ordbok.

Mellom glosene ein finn der er sjølvsagt umpa-lumpa, som dei aller fleste veit kva tyder, men der finst nesten 8000 andre ord òg. Så om ein vil friske opp vokabularet litt, kan ein til dømes bruke nokre av desse orda:

  • Trogglehumper – det er eit mareritt.
  • Wizzpopping – det er å fise.
  • Quogwinkle – det tilsvarer ordet romvesen.
  • Quoggler – det er eit (finare?) ord for eit auge.
  • Bogglebox – det er ein skule berre for gutar.
  • Phizz-whizzing – det tilsvarer adjektivet strålande.