Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 12.05.2019 10:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

To raske rettar frå Kvardagsmat-Anita

Anita Stokke Blomvik meiner ein kan laga heimelaga mat uansett kor dårleg tid ein har.

– Trikset er å planlegge 1-2 dagar fram og unngå å handla på veg heim frå jobb. Når du har lært deg nokre basiskunnskapar på kjøkkenet går det kjapt å lage mat. Med boka håper eg å inspirere og lære vekk nettopp dette.

– Kva er favorittmaten din?

– Mat som andre har laga! Det er ingenting som gjer meg gladare enn å kome til dekka bord. Eg likar godt enkel kvardagsmat, gjerne med mykje grønsaker. Ei god suppe er ikkje dumt.

Her er to raske oppskrifter frå boka «Kvardagsmat» av Anita Stokke Blomvik, som kom på Skald sist veke:

Foto frå boka «Kvardagsmat» av Anita Stokke Blomvik (SKALD, 2018)

FISKEKAKER MED ASIATISKE NUDLAR

Har du lyst på fiskekaker, men med litt meir eksotiske smakar til? Prøv denne versjonen med asiatisk vri! I lag med nudlar med kort koketid og rå, knasande grønsaker, blir middagen ferdig på få minutt. Nudlane kjøper du på helsekostforretning, eller du kan bruke vanlege frå daglegvarebutikken. Kjapt og godt blir det uansett.

 10–15 min / 4 porsjonar

  • 4 store fiskekaker
  • 2 ss smør/olje
  • 2 vårløk
  • 3 gulrøter
  • 200 g (bokkveite)nudlar
  • 2,5 cm ingefærrot
  • 1 ss sesamolje
  • 3 ss soyasaus
  • 1/2 lime
  • 2 ss sesamfrø

Slik gjer du:

1 Kok opp ein liten kasserolle med vatn og la nudlane trekke som det står på pakken.

2 Del fiskekakene i terningar og steik dei i smør/olje til dei blir bruna og varme.

3 Del vårløk, gulrot og ingefærrot i tynne strimlar.

4 Hell av kokevatnet på nudlane og bland inn soyasaus, sesamolje og limesaft.

5 Bland dei rå grønsakene inn i nudlane og server med fiskekaker og sesamfrø på toppen.

 

Foto frå boka «Kvardagsmat» av Anita Stokke Blomvik (SKALD, 2018)

LAKS MED KREMA PASTA OG RUCCOLA

Krema pasta er ein av mine favorittar når middagen skal kjapt på bordet. I denne oppskrifta lagar du sausen og steiker laks medan pastaen kokar. Når pastaen er ferdigkokt, er det berre å vende han rett inn i sausen, toppe med fisk og servere. Mild, krema og god!

20 min / 4 porsjonar

  • 400 g pasta
  • 400 g laks
  • 1 ss rapsolje/smør
  • 2 sjalottløk
  • 3 ss creme fraiche
  • 3–4 ss kokevatn frå pastaen
  • 50 g ruccola
  • 1 ts salt
  • 1/4 ts pepar
  • 1 skvis sitronsaft
  • 2 ss frisk dill

Slik gjer du:

1 Kok pasta etter oppskrifta på pakken.

2 Del laks i terningar og steik dei i rapsolje/smør til dei er gylne. Legg til sides.

3 Fres løken til han blir blank, rør inn creme fraiche og litt kokevatn frå pastaen. Trekk plata frå varmen og rør inn ruccola, salt og pepar.

4 Hell av kokevatnet frå pastaen, rør inn sausen og topp med laks, ein skvis sitron og frisk dill.