Bibliotekarpris til Maria Parr

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Prisen vart delt ut torsdag i Fredrikstad under litteraturfestivalen «Ord i grenseland».

Juryen skriv mellom anna i grunngjevinga si at bøkene til Maria Parr er velskrivne og at språket er godt og lett og lese. Bøkene hennar er prega av ein stor respekt og kjærleik for folket og naturen i ei lita bygd ved ein fjord. Ho skildrar livet med alle sine små og store hendingar slik dei blir sett frå perspektivet til eit barn.

Maria Parrs bøker har mange lesarar rundt om på norske skulebibliotek. Bøkene er blitt populære, og dei fengjer lesarar i alle aldrar – både barn og vaksne.

Les også: Maria Parr: – Ungdom blir undervurdert

Maria Parr

• Maria Parr (fødd 18. januar 1981) er ein barnebokforfattar frå Fiskå i Vanylven.

• Maria Parr har mastergrad nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen.

• Parr debuterte i 2005 med den kritikarroste barneboka Vaffelhjarte, som vart nominert til Brageprisen og fekk Nynorsk barnelitteraturpris og den nederlandske barnebokprisen Zilveren Griffel. Boka er omsett til fleire språk.

• I 2009 gav ho ut andreboka Tonje Glimmerdal som var selt til fem land før ho kom på norsk, og som ho fekk Brageprisen for i 2009.

• I 2011 vart Vaffelhjarte filmatisert for NRK.

• Hausten 2017 kom boka Keeperen og havet, som fekk Brageprisen i 2017.