– Eg kan ikkje så mange fine ord

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det har vore litt av ei veke for forfattar Brynjulf Jung Tjønn frå bygda Feios i Sogn og Fjordane. Brageprisen kom på toppen av fulltidsjobb, julestri og flytting. Men han klagar ikkje, sjølvsagt. Det er det største som har skjedd til no i forfattarkarrieren hans.

Når han googlar sitt eige namn får han opp Så vakker du er, ei hyggeleg melding å få.

LES OGSÅ: Brageprisen til Tjønn og Lillegraven

Til utlandet
I forhold til kva forfattaren er van med har dette teke av. Ungdomsromanen Så vakker du er, er seld til Danmark og fleire andre land sit no og les.

Andreopplaget står på bokborda hjå Norli og Ark, med informasjon om at denne boka vann årets Bragepris i kategorien barne- og ungdomsbok.

– Då eg hadde skrive boka var eg nøgd, men tenkte at sikkert ingen ville lese ho. Ein kan ikkje ha store forventningar når ein gjev ut ein ungdomsroman, fortel Tjønn, og forklarar:

– Ungdomsromanar får lite merksemd i media. Sidan boka er på nynorsk tenkte eg ho fekk enda mindre merksemd. Så er det sjangeren. Eg skriv lite kommersielt og tenkte at temaet kan verke litt tungt.

LES OGSÅ: Bruker nynorsk igjen

Realisten
Han håpa på nokre bokmeldingar, og fekk ein femmar av VG. Meldaren meinte at: «Boken er en gavepakke for ungdom som skal ha eksamen i nynorsk». Elles gjekk utgjevinga forbi i det stille. Heilt til han fekk vete om nominasjonen, tre veker før prisutdelinga. Det kom heilt uventa. Den første veka gjekk med til å gle seg og dei to neste til å vere spent.

Etter utdelinga kom det fleire bokmeldingar. Fleire av dei konkluderer med at tittelen på romanen passar til å skildre sjølve romanen.

– Men det er eit stykke til eg kan kalle meg etablert forfattar, seier Tjønn, i overkant beskjedent.

Han skildrar seg sjølv som ein introvert og ein realist, som ikkje tek av. Forfattaren har alltid hatt jobb og trygge rammer i tillegg til skrivinga, sjølv om det er det han eigentleg vil drive med. Det er jo ein draum å kunne leve av det.

Som ung elev gjorde diktet Du må ikke sove truleg større inntrykk på Brynjulf enn resten av klassen.

– Arnulf Øverland leste det opp sjølv på ein gamal kassett. Eg fekk frysningar, minnast sogningen.

Diktet var så suggerande, han ville skape noko liknande.

Som fjortenåring byrja odelsguten å skrive dikt. Han leste samtidslitteratur og frå han var 17 år har han drøymd om å verte forfattar. At Markus Midré debuterte som 20-åring var ein inspirasjon. Sjølv fekk Brynjulf Jung Tjønn publisert sine første dikt og ei novelle det året han fylte 21. Året etter debuterte han for alvor med romanen Eg kom for å elske.

– Eg kjenner framleis eg er i starten av forfattarskapet og jobbar for å verte betre. Difor er det flott å få ein pris som syner at ein er på riktig veg.

BOKMELDING: Vakkert om noko vondt

Ordforrådet
Språket er enkelt, men biletskapande. Mykje av inspirasjonen kjem frå eige liv og oppvekst. Håret til ein person vert samanlikna med høvelspon, fordi han hugsar korleis faren arbeidde med dette.

– Eg kan ikkje så mange fine ord, seier Tjønn.

Og kanskje er det der hemmelegheita ligg. I det enkle.

For når han skriv er det ikkje nokon plan. Historia vert til undervegs. Forfattaren sjølv er mest oppteken av språk, rytme, klang og stemningar. Han vil søke djupt i ting. Det er viktigare enn framdrifta.

– Det er viktig for meg å få sitte ned på kveldane og i helgane og skrive. Eg er ute etter den gode skriveopplevinga. Den får eg om lag fem-seks gongar i året. Når ein legg det frå seg det ein har skrive og tykkjer det er bra. Eg trur det er denne kjensla som driv mange forfattarar, meiner Tjønn.

Om han då kan skrive samanhengande i ein time er det bra. Ofte vert skriving til nettsurfing.

Vanskelege ungdommar
Etter prisutdelinga har det vorte lite tid til å skrive. Han held for tida på med noveller for vaksne og noterer til ein ny ungdomsroman.

– Det er vanskelegare å skrive for barn og unge fordi det er mykje mindre målgrupper, i motsetning til den store målgruppa vaksne. Ein må tenkje meir over korleis ein skriv, fortel Tjønn.

Han snakkar av erfaring. Sjølv har han skrive for eit breitt spekter av aldrar. I fjor gav han ut Fotballskoene, ei bok for barn i alderen fire til sju år. Dette er den gruppa Tjønn tykkjer det er mest utfordrande å skrive for, sidan det er så lenge sidan han sjølv var på den alderen. For desse lesarane er framdrift viktig og det er ein balansegang mellom det og overvurdere og undervurdere lesarane.

Fotballskoene fall likevel i smak hjå han som ein av karakterane er oppkalla etter, sonen Olav på fem år.

Då er det lettare å skrive for eldre lesarar.

– Eg prøver å skrive det eg sjølv ville likt å lese då eg var på den alderen, fortel Tjønn.

Så vakker du er er ei bok lesehesten Brynjulf Jung Tjønn sjølv hadde sett pris på i sin ungdom. Romanen byrja først som ei novelle for ein antologi for Cappelen Damm, men historia vart utvida til ein over 100 sider lang roman. Ein roman som vann Brageprisen for den vanskelegaste og mest samansette målgruppa: barn og unge.

Familieverdiar
Det går att i bøkene hans, same kva aldersgruppe dei er skrivne for: Dei er alvorlege. Sjølv seier Tjønn at han kjenner at det lette og lyse ofte vert litt overflatisk. Han vil pløye djupare. Likevel har ei forelsking snike seg inn saman med dødsangsten i Så vakker du er.

I sitt forfattarskap vender han ofte attende til familiar der ikkje alt er som det skal. Trass i ein trygg oppvekst på ein gard i Sogn og Fjordane, kjenner Tjønn at det er eit stort hol inni han.

Brynjulf vart adoptert til Noreg då han var to og eit halt år gamal. Som toåring vart han funne forlatt i Sør-Korea. Adopsjonskontoret har ingen spor etter foreldra. Kanskje er dette litt av grunnen til at han sjølv set familieliv så høgt, både privat og i skrivinga si.

– Litt av grunnen til at eg skriv er for å finne tankane mine. Som einebarn er eg van med å ha det stille og opnar meg ikkje så lett opp. Difor skriv eg ut kjenslene mine.

Med ein Bragepris på peishylla kan forfattaren vere trygg på at neste gong spissar bokmeldarane blyanten og tek lesebrillene på.

– Men eg trur aldri eg kjem til å selje bøker i bøtter og spann.

Gå til boksidene våre!

Faktaboks

Brynjulf Jung Tjønn (fødd 1980)

• Frå Feios i Vik, Sogn og Fjordane. Busett i Oslo

• Tilsett som prosjektleiar i Den norske kyrkje. Bokmeldar i VG

• Debuterte med romanen Eg kom for å elske i 2002

• Har gjeve ut bøker for barn, unge og vaksne på bokmål og nynorsk

• Vann årets Bragepris i kategorien barn og unge for Så vakker du er