Pubertet: Kviser, mens og våte draumar

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 31.08.2018 09:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nokre av dei mest omfattande endringane i ein menneskekropp startar ein gong mellom ti og femten år, endringar som får store konsekvensar for den det gjeld. Ei rekke delar av kroppen startar å flyte, og det er ikkje til å unngå at det blir litt søl i puberteten.

Åsmund Eikenes

Åsmund H. Eikenes har skrive boka SPRUT om alle kroppsvæskene våre. I denne artikkelserien skriv han om kroppsvæsker i ungdomslitteraturen. Foto: Tove K. Breistein/Samlaget

Men om ein ser nærare etter, viser væskene fram dei forbløffande forandringane som skjer med kroppen. Væskene er flytande beskjedar, ikkje berre med signal til innsida, men også til utsida: Sjå, eg held på å bli vaksen!

Forvandlinga

I Forvandlinga vaknar Gregor Samsa opp ein morgon som eit uhyrleg kryp. I Franz Kafka si forteljing har Gregor blitt forvandla til ei bille. Kroppen hans er sett saman av talrike ledd med små og ynkelege bein. Han ligg på ryggen i senga si, kjem seg ikkje opp. Familien forstår ikkje kva som har skjedd med Gregor.

Dei fleste tenåringar opplever noko som liknar. I periodar er dei frustrerte, overraska og oppgitte over korleis kroppen fungerer. Tenåringar er passasjerar i ein kropp som styrer sitt eige liv. Puberteten er eit kaos av kroppsvæsker, ein demning som raknar, ein ballong som sprekk.

Målet med endringane er å skape kjønnsmodne menn og kvinner, vaksne som kan få barn og føre gena vidare. Vegen dit er enkel og uproblematisk for nokre, medan andre opplever det som uføreseielege skifter mellom Dr. Jekyll og Mr. Hyde, Plutseleg, og utan åtvaring, tek kroppen kontroll, og ein serie med endringar gjer at personen på den andre sida ikkje er den same som i byrjinga.

Overraskinga

Bryst eller testiklar veks, stemma endrar seg, det dukkar opp hår under armane og i skrittet. Endringane skjer både på innsida og utsida av kroppen, og beskjedane er eit mylder av signal om å starte, stoppe, skunde seg og vente. Menneskekroppen er både kompleks og overraskande, særleg i puberteten.

Kaskaden av signal startar midt i hovudet. Signala vert sendt vidare til anten eggstokkar eller testiklar, sjølve hormonfabrikkane hos den uvitande tenåringen.

Illustrasjonsfoto: Colourbox

Østrogen styrer utviklinga av livmora og egstokkane hos jenter, samt utvikling av bryst og fordeling av feitt. Kroppen modnast og gjer seg klar til å kunne bli mor, og snart kjem den første menstruasjonen.

Hos gutar er effektane av østrogen sjeldan varige og omfattande, sjølv om ein del gutar får noko forstørra bryst ein kortare periode i løpet av puberteten.

Hjernen heng ikkje med

Hår, sveitte og kviser kjem av auka nivå av testosteron hos både jenter og gutar. Hos gutane er det testosteronet som har det meste av skulda i alt det uforståelege som skjer. Musklar, adamseple, hender og føter veks i rykk og napp, men sjeldan i riktige proporsjonar.

Hjernen er langt frå ferdig utvikla, og mange unge strevar med å halde følgje med alt som skjer med kroppen. Det er ikkje lett å vere tenåring.

Sjølv om det ikkje går så bra med den forvandla hovudpersonen i Kafka si fortelling – Gregor døyr, innelåst på rommet sitt – er historia likevel ein passande metafor for livet som tenåring. Kroppen gjer som han sjølv vil, og han er i periodar nokså uforståeleg.

Ikkje alle likar endringane som kjem.

Neste veke får du møte ein ung mann med alt for mange kviser.

 

LES OGSÅ: I mellomtida kan du sjå opplesinga av heile boka Forvandlinga her – minutt for minutt, med Jon Fosse og elevar frå Stord vidaregåande og frivillige i Jostedalen!

LES OGSÅ: Har løyst kvise-gåta