Kvinner er sjeldan sterke sjefar, politikarar eller forskarar på film. Dei framstår heller sexy og nakne, viser ein ny FN-rapport.

NPK
NPK

Berre 22,5 prosent av arbeidsstyrken i den internasjonale filmbransjen er kvinner. Samtidig får berre 15 prosent av dei kvinnelege skodespelarane roller med makt og posisjonar, går det fram av rapporten, som er laga av forskarar ved University of Southern California.

LES OGSÅ: – Som kvinne er det vanskeleg å tørre å vera upopulær

Kvinnestereotypiar
Den internasjonale filmbransjen gir eit gjennomgåande stereotypt bilete av kvinner, heiter det i rapporten, som har tatt for seg filmar frå Australia, Brasil, Kina, Frankrike, Tyskland, India, Japan, Russland, Sør-Korea, USA og Storbritannia.

LES OGSÅ: – Tolkien ville aldri sendt kvinner i krig

– Alvorleg underrepresentasjon

Avisa The Guardian skriv at den amerikanske filmskodespelaren Geena Davis under framlegginga av rapporten minte om at diskrimineringa ikkje berre er eit filmfenomen.

– Faktum er at kvinner er alvorleg underrepresenterte i nesten alle samfunnssektorar verda over, ikkje berre på filmlerretet. Men vi er rett og slett ikkje klare over omfanget, sa Davis, som meinte filmbransjen heller burde gå føre og vise veg.

– Gi kvinner haugevis av roller innanfor vitskap, teknologi, ingeniørfag, matematikk, politikk, juss og andre yrke, sa Davis. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.55

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE