«Har skremselspropaganda og framandhat vunne terreng fordi Europa er i politisk uro?»
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Kva som vert utfallet av valdagen 9. september er uvisst. Lenge har det rådd ei redsle på den politiske venstrefløya for at landet skal bli erke-blått. Og det med god grunn, sidan det innvandringsfiendtlege partiet Sverigedemokraterna har fossa fram på målinger.
No kan det sjå ut som Kristendemokraterna kan vere den avgjerande faktoren.
Sidan valet i 2014 har Socialdemokraterna leia ei mindretalsregjering saman med
Miljöpartiet de gröna. Men slik Arbeiderpartiet i Noreg har vakla det siste året, står
moglegvis det sosialdemokratiske partiet i Sverige framfor sitt dårlegaste val nokon
sinne.
No kan det sjå ut som Kristendemokraterna kan vere den avgjerande faktoren.
Slik ståa er i dag, er nabolandet vårt eit av dei siste landa i Europa som
framleis har ei styresmakt som heller mot den politiske venstresida. Skal dette
endrast om to og ei halv veke? Og kvifor er det slik?
Mange meiner innvandringsredsle og høgreekstremisme er grunnen til den blå-blåe
bølga vi har sett i Europa. Og det er ikkje så rart. Sverigedemokraterna haustar
stemmar nettopp på grunn av sin ekstremt restriktive innvandringspolitikk. Og den
siste tidas bilbrannar i landet har berre gitt meir blod på tann.
Mange meiner innvandringsredsle og høgreekstremisme er grunnen til den blå-blåe bølga vi har sett i Europa.
For eit sosialistisk eller sosialdemokratisk samfunn, med rettferd og solidaritet som mål, er dette skummelt. Har det sosialdemokratiske prosjektet mista målet av synet, eller har skremselspropaganda og framandhat vunne terreng fordi Europa er i politisk uro? Eg har ikkje eit endeleg svar på ståande fot.
Det som har kjentest som ein sikker siger til høgresida i Sverige, med Sverigedemokraterna som solid fundament, er ikkje så sikkert likevel.
Har skremselspropaganda og framandhat vunne terreng fordi Europa er i politisk uro?
Det svenske riksdagsvalet opererer med ei sperregrense på 4 prosent slik som i Noreg. Om partiet Kristendemokraterna, som er på den høgre fløya, hamnar under denne grensa, ser det ut til at den raudaste fløya trekk det lengste strået. Men som i mange andre val, trur eg spenninga kjem til å halde seg heilt til stemmene er talt opp etter 9. september.
Som del av den politiske venstresida i Noreg, har eg den siste dagen fått eit lite håp.
Håp om at sommarens tilsynelatande sikre regjeringsskifte ikkje slår til. Og no – no er
det berre å vente i spenning. Og er du tilfeldigvis svensk statsborgar og stemmeberettiga for riksdalsvalet – stem!