Debutboka til Ingunn Thon seld til England

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det kjennest som ein skikkeleg stor dag. Eg hadde ikkje trudd at Ollis skulle enda opp i dei britiske barnebokhyllene som rommar så mykje fint, seier Ingunn Thon.

Ho kjem frå Ål i Hallingdal og arbeider til dagleg i NRK Super. Debutboka hennar har fått strålande kritikkar og er så langt seld til seks språk: dansk, engelsk, georgisk, italiensk, tyrkisk og tysk.

Les også: Sjå opp for Oda Lise Louise Inger Sonja!

Litterær agent Evy Tillman i Oslo Literary Agency som arbeider for å fremja norsk litteratur i utlandet, meiner salet av boka til det britiske forlaget kan vera føra til at endå fleire får auga opp for boka.

– Ei engelsk utgjeving er ein viktig døropnar for at boka skal nå endå fleire språkområde, seier ho.

«Sjeldan eg har blitt så rørt av ei bok»

(©NPK)