Karsten Warholm dukka opp i Donald Duck
Friidrettsstjerna Karsten Warholm fekk nyleg sitt eige alias i Donald Duck & Co.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Karstren Snarholm dukka opp i Donald Duck
Det var i samband med at Donald var med i EM i friidrett at den norske hekkeløparen dukkar opp under aliaset Karstren Snarholm.
– I denne utgåva av Donald skal eg vere med og gi Donald nokre tips til korleis han kan bli betre i friidrett og hekkeløp, sa Warholm i ein promofilm på facebooksidene til Donald Duck & Co førre veke.
Warholm deltek sjølv i EM denne veka. Der er han ein av favorittane til å stikke av med sigeren i 400 meter hekk.
Også TV2-anker Arill Riise har fått æra av å figurera i Andeby-universet.

I Donald Duck & Co nr 4 frå 2015 kan ein lesa om Rarill Krise i «Truet art på fremmed tomt», opphavleg skriven av nederlandske Jan Kruse og teikna av Sander Gulien. (C) Disney