Denne kvelden blei Harastølen atter ein gong rom for «psykiatri»

Synne Grimen Hammervoll
Publisert
Oppdatert 06.08.2018 15:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saken vart først publisert i Porten.no

Luster: I den gamle etesalen i sanatoriet såg 80 spente personar den intense premiera på teaterstykket “Det gule tapetet”.

– Det er så kult at stykket blir gjort på denne staden. Stykket ligg så nært den historia Harastølen har hatt sjølv, seier Maja Aspås Teialeret.

Har køyrt frå Trondheim for å sjå

Teialeret har køyrt heilt frå Trondheim for å sjå teaterstykket.

VENNINNER: Marte Paulsen og Maja Aspås Teialeret. Foto: Linda Watten

– Eg kjenner regissøren Jeff Pedersen, har hatt skodespelar Kjersti Elvik som lærar, og er venninne med skodespelar Marte Paulsen.

Sistnevnte skal ha premiere og debut på laurdag, medan Kjersti Elvik spelte hovudrolla denne kvelden.

– I kveld såg eg Kjersti sin opptreden og i morgon skal eg få vera med når Marte prøvespelar, fortel Teialeret.

Eit stykke med viktig tema

Det gule tapetet handlar om ei kvinne som lir av fødselsdepresjon, og blir innestengt i eit rom av mannen sin som er lege. Rommet har ein gul tapet som kvinna etterkvart blir besett av.

TEATER: Anna Einemo Frøysland, Sulekha Omar, Kjersti Elvik og Helga Farestveit. Foto: Linda Watten

– Det var heilt vanvittig å sjå på. Det er både eit viktig stykke og eit viktig tema, seier Teialeret.

Kjersti Elvik (49) og Marte Paulsen (23) delar på å spela hovudrolla i teaterstykket på Harastølen, og Elvik har berre gode ting seia om den nyutdanna medskodespelaren sin.

– Marte er heilt spesiell. Ho er eit stort talent, og eg føler at eg har fått ein venn i ho.

Ingen kjenner alderen på kvinna

FØDSELSDEPRIMERT: Etter ei stund på rommet med det gule tapetet tek kvinna til å sjå ei dame bak tapetet. Foto: Linda Watten

At det er stort alderspenn på dei to skodespelarane var noko Elvik tenkte over då ho skulle trå til i rolla.

– Eg sa til Jeff at eg kunne vore mor til Marte, og om ikkje det var rart med så stor aldersforskjell på rolleinnehavarane. Då sa han at ingen veit kor gammal kvinna var då ho fekk fødselsdepresjon.

Spesiell stemning på Harastølen

Å spela rolla til ei fødselsdeprimert kvinne i ein så ekte setting som på Harastølen tykte Elvik var stort.

– Eg må kjenna på rolla mi og kjenna på kor vanskeleg dette er for kvinna. Og i ein så vakker og grotesk stemning, det er heilt spesielt.

GODE VENER: Kjersti Elvik og Jeff Pedersen har begge vore lærarar i skodespelarteknikk ved Bårdar Akademiet. Foto: Linda Watten

Regissør og drivkraft bak det heile, Jeff Pedersen, var stolt og letta då premiera var vel overstått.

– Eg kjenner på mange ulike kjensler no. Ein kan aldri sleppa heilt taket på nervene, men det var godt at det gjekk så bra som det gjorde i kveld, avsluttar han.