Teaterhaust med Ibsen, Duun og spansk fluge

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Teatera vaknar snart frå sommardvalen. Nationaltheatret inviterer igjen til internasjonal Ibsenfestival. På programmet for festivalen står mellom anna «Byggmester Solness», «Hedda Gabler» og «Hærmennene på Helgeland».

– Alle er dei karakteriserte av sterke, sjølvstendige – og ikkje spesielt sympatiske – kvinneroller, skriv teatersjef Hanne Tømta i programmet for hausten.

Festivalen opnar 8. september med «Byggmester Solness» med Mads Ousdal i tittelrolla. Framsyninga skal spelast på hovudscenen. Tre dagar seinare er det premiere på «Hedda Gabler» på Torshovteatret med Kjersti Botn Sandal som Hedda.

Les også: Med laiv som hobby kan Ane hoppe over eit år med smalltalk

Ibsenfestivalen opnar på Nationaltheatret 8.september med “Byggmeser Solness”. Mariann Hole har rolla som Hilde Wangel, mens Mads Ousdal (i bakgrunnen) er byggmeister Halvard Solness. Foto: Øyvind Eide / Pressebilde

Aldrande Peer Gynt

Også på Det Norske Teatret blir det Ibsen i haust. Toralv Maurstad (91) gyv igjen laus på Peer Gynt-rolla. Teatersjef Erik Ulfsby har regien, og i denne versjonen tar han utgangspunktet i møtet mellom Gynt og Knappestøyparen i sisteakta.

Toralv Maurstad gyv igjen laus på “Peer Gynt”. Denne gongen på Det Norske Teatret. Foto: Håkon Mosvold Larsen/ NTB scanpix

Teatret beskriv framsyninga som ein minnestraum, der Peer blar fram og tilbake i sitt eige fotoalbum.

Nynorskteateret kan i haust mellom anna òg by på eit nytt møte med Shakespeare-stykket «Macbeth» med Heddapris-vinnar Preben Hodneland i tittelrolla.

Ibsen kvart år

Også lenger nord, i Trondheim, skal byggmeister Solness erobre scenen i haust. Kristian Seltun har sett opp ei Ibsen-framsyning i året sidan han vart sjef for Trøndelag Teater i 2010.

I år, som er den siste sesongen hans som teatersjef, fall altså valet på «Byggmester Solness». Eindride Eidsvold og Mari Hauge Einbu har rollene som byggmeister Solness og Hilde Wangel. Regien er Johannes Holmen Dahl, som tidlegare i år kunne hente inn ein Heddapris for beste regi til «Glassmenasjeriet». Byggmeisteren til Ibsen skal visast på den gamle scenen ved teateret frå 15. september.

Heddaprisvinnar Ragne Grande blir frå hausten å sjå i Olav Duuns “Medmenneske” på Trøndelag Teater. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix / NPK

Ragne Grande ved Trøndelag Teater henta òg heim ein Heddapris tidlegare i år. Den fekk ho for hovudrolla i «Glassmenasjeriet». Frå 8. september blir Grande å sjå i Olav Duuns «Medmenneske» på hovudscenen ved teateret. Regien er ved den erfarne instruktøren Runar Hodne.

Shakespeare i Stavanger

Også Arne Nøst ved Rogaland Teater i Stavanger er inne i den siste sesongen sin som teatersjef. Han satsar mellom anna på «Romeo og Julie» av Shakespeare i avskjedssesongen. Klassikaren blir å sjå på hovudscenen frå 5. september med Ole Christoffer Ertvaag som Romeo og Ingrid Unnur Giæver som Julie. Giæver kjem fersk frå Teaterhøgskolen. Regien er ved Glenn André Kaada, som overtar som teatersjef etter Nøst ved årsskiftet.

Sjølv set Nøst opp Hamsuns «Pan» på hovudscenen med premiere 14. november.

Feelgood-komedien “Stein i lomma” skal ut på turné med Riksteatret. Stykket er Erik Poppes (i midten) debut som teaterregissør. Her er han saman med skodespelarane som gjer alle rollene: Øystein Martinsen (til venstre) og Hallvard Holmen. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK

Rogaland Teater har som kjent eit eige barne- og ungdomsteater, og dei set opp «Trollmannen frå Oz» på hovudscenen frå 12. oktober.

Bergensk krimkomedie

På Den Nationale Scene i Bergen er det urpremiere 15. september på Yngve Sundvors kriminalkomedie «Hotel Norge».

– Hotel Norge er ein institusjon i Bergen, ein stad alle bergensarar har eit forhold til. Det heiter jo at «Noreg er sentrum av Bergen». Så det er ein sabla god tittel og eit sabla sentralt stad. På eit hotell kan det òg skje mykje dramatikk. Det skal eg utnytte, sa Yngve Sundvor til Bergens Tidende da det vart kjent at han igjen skulle lage teater for bergensteateret. Sist det skjedde var i 2014 da temaet var Hilmar Rekstens fall.

Spansk fluge

På Oslo Nye Teater blir det møte med ein gammal kjenning, forvekslingskomedien «Den spanske flue». Teatret lover ein sprelsk variant utan dører, men med trampolinar. Standupkomikaren Nils-Ingar «Nilsi» Aadne debuterer i teatersamanheng som klønete friar. Premieren er 30. august.

Oslo Nye har òg gjort tv til teater. NRKs julekalender «Snøfall» går til scenen med urpremiere 1. november.

Poppes teaterdebut

På heile Noregs teater, Riksteatret, debuterer Erik Poppe som teaterregissør. Det skjer med ein norsk versjon av stykket «Stones in His Pockets» av Marie Jones – som på norsk har fått tittelen «Steiner i lomma». Poppe-versjonen er lagt til ei lita bygd i Nord-Noreg. Stykket er omsett og omarbeidd av Ragnar Olsen.

Stykket har premiere 20. september før ensemblet legg ut på turné til nesten 50 stader landet rundt.

Ut på turné til hausten sender Riksteatret òg Roald Dahls «Georgs magiske medisin» og ein norsk urpremiere – ei dramatisering av Olaug Nilssens prislønte bok «Tung tids tale». Urpremieren er allereie 24. august.