Dei gjer klar Harastølen til teaterhelg: – Det er fint at det skjer noko i bygda

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei gjer klar Harastølen til teaterhelg: – Det er fint at det skjer noko i bygda

Saka vart fyrst publisert i Porten.no

Luster: – Endeleg skjer det noko i bygda vår og då er det viktig å stilla opp, seier Marita Kvalsvik.

Saman med May-Tone Feten Høyheim, begge lustringar, har ho bevega seg inn i det gamle sanatoriet for å få det litt meir i orden til teaterframsyninga “Det gule tapetet” som skal gå neste veka.

Kinosalen er straks klar

– Me har bært stolar til etesalen der stykket skal vera, men no skal me gjera klar kinosalen.

KINOSALEN: Det er stusseleg i kinosalen i det jentene går i gong med kost og brett. Foto: Linda Watten

For i den gamle kinosalen der mange pasientar har sett film frå ein av dei fyrste kinomaskinene i landet, skal det atter ein gong verta kinoframsyning.

– Dei syner Villmark 2, der delar av filmen er frå Harastølen. Ein skrekkfilm i eit relativt skremmande lokale.

Det blei så godt motteke at produsent for teateret, Jeff Pedersen, måtte sette opp ei ekstra framsyning av filmen.

– Å sjå filmen på Harastølen blir mykje meir immersivt enn å sjå den heima eller på vanleg kino. Det blir meir personleg her i kinosalen, seier Pedersen.

Venninna skal ha skodespelardebut

Dei to jentene kostar golva, og bærer 50 stolar frå heile sanatoriet til kinosalen.

– Eg er spent på kor mange som kjem til Harastølen denne veka, seier Kvalsvik.

Sjølv får ho ikkje sett førestillinga fordi ho skal på cruise.

– Det er eg veldig lei meg for, spesielt sidan venninna mi, Marte, spelar hovudrolla. Samstundes verkar førestillinga generelt spanande.

– Du får meg ikkje opp hit på kvelden

Dei to jentene diskuterar kor dei mange ulike stolane skal stå, og kor mange som kan pressast saman på ei rad for å få det mest mogleg intimt og spanande.

– Dette er jo siste sjansen folk har til å sjå bygget så eg håpar jo både folk i bygda og andre møter opp, seier Feten Høyheim. 

STRAKS KLAR: Men etter eit par harde timar er kinosalen snart klar for å ta i mot 100 gjestar fordelt på to dagar. Foto: Linda Watten

Ho stiller gladleg opp på dugnad for å hjelpa produksjonen med å nå alle måla sine før premiera.

– Eg hjelper til fordi sånt er viktig når nokon prøver å få til noko i bygda. Eg veit bygdefolket kan vera litt seige å få med seg, så då får me unge ta i eit tak fyrst, seier ho med eit glis. 

No gler ho seg til teateret, men kinoen nektar ho å reisa på.

– Midt på dagen kan eg vera her oppe, men du får ikkje meg med på skrekkfilm her på kvelden.