Rapport: Hackarar brukar Noreg som skalkeskjul

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Talet kjem frå den årlege trusselrapporten til IT-sikkerheitsselskapet NTT Security, melder Finansavisen. 4 prosent av cyberangrepa stammar frå norske IP-adresser. Det betyr truleg ikkje at Noreg har eit høgare tal på datakriminelle enn andre land, men kanskje heller svakare kontroll på IT-sikkerheita, skriv avisa.

– Den mest sannsynlege grunnen til at Noreg kjem så høgt på rangeringa, er at nettkriminelle andre stader i verda ruter angrepa gjennom norske IP-adresser dei har kapra. Slike angrep har som oftast som mål å stele personleg informasjon, data om kundar eller partnarar og så vidare, forklarer salsdirektør Henrik Davidsson i NTT Security.

– Land som Russland ligg for eksempel svært lågt på statistikken over kjelder til angrep, legger Davidsson til.