Nesten tusen unge på 4H-leir på Jæren

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 23.07.2018 11:07

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Temaet i år er nærmiljø og identitet og vertsfylket vonar dei nesten tusen tilreisande ungdommane får bli kjende med kva mat- og landbruksfylket Rogaland har å by på.

Leirkomiteen inviterer til ei veke full av aktivitetar, venner og gode opplevingar, under mottoet ”Vidle, fine og blaude”.

Les òg: Simon viser fram villdyr til turistar

«Vidle, fine og blaude»

Målet er at leirdeltakarane skal få ”vidle” naturopplevingar, oppleve den ”fine” naturen i Rogaland, men også få ”blaude” opplevingar i form av aktivitetar som involverer vatn.

Det blir surfing på strendene og 4H-arane kan skli ned ei 40 meter lang vass-sklie. Leirdeltakarane kan også bli med på tur til Preikestolen, delta på byvandring, høyre på konsertar og vere med på ein avslutningsseremoni med lasershow.

– Vi klare for den beste leiren gjennom tidene. Vi garanterer at leiren blir «vidle, fine og blaude», og vi skal gi deltakarane dei beste leirminna, seier ein fornøgd leirsjef Asle Østbø, som sjølv har lang erfaring frå 4H.

Les òg: Stadig fleire vil dyrke tare