Denne helga er det ei rekke større festivalar og arrangement i heile Noreg, og veldig mange av oss deltek på festivalar og konsertar i løpet av sommaren. Røde Kors ber festival- og konsertdeltakarar vise festivalvett.
Røde Kors
Røde Kors

– På det meste kan vi behandle opptil 800 menneske på ein festival. Mange av skadane kan unngåast med enkle forholdsreglar, seier landsrådsleiar Kjersti Løvik i Røde Kors hjelpekorps.

I løpet av sommaren vil tusenvis få behandling av frivillige frå Røde Kors Hjelpekorps over heile landet, på dei mange store og små konsertane og festivalane. 

– Vi skal ta godt vare på alle, men det beste er jo å nyte konsertopplevelsen utan hendingar. Nokre enkle køyrereglar kan gjere dette enklare. Mange blir varme og må drikke nok vatn og beskytte seg mot sola. Det er òg viktig å vere forsiktig med alkohol, for mange av skadane skjer i samband med drikking, seier Kjersti Løvik.

Røde Kors håpar folk har festivalvett i sommar. Illustrasjon: Jon Harald Søby / Wikimedia Commons.

Ho er òg veldig klar på at det er viktig å ta vare på kvarandre for å unngå uhell, skadar og ubehagelege opplevingar når alt ligg til rette for mange fine sommeropplevingar. 

Les òg: Angelica har fostra 26 kattar

Her er Røde Kors festivalvettreglar:

1. Unngå heteslag – drikk nok vatn. Vatnet i kroppen din er med på å regulera kroppstemperaturen din, og om du ikkje får i deg nok vatn kan det i verste fall vere livstruande. Hugs òg at kor tørsteslukkande ei kald øl måtte vere, verkar alkohol dehydrerande på kroppen, så det er viktig å fylle på med vatn innimellom. I løpet av ein dag bør ein få i seg minst to liter vatn. 

2. Beskytt deg mot sola. Bruk minimum solfaktor 15 med UVA-beskyttelse, og bruk gjerne òg dekkande klede, solhatt, solbriller og parasoll. Ta ein pause frå sola mellom klokka 12 og 15, då er den på det sterkaste. Hugs at sola ofte tek like sterkt i overskya vêr. 

3. Forebygg insektbitt. Innpåslitne innsekt kan vere ei sann plage for festivalgjengarar. Flått er eit av krypa som ein skal passe seg for, sjølv om 98 prosent av alle flåttbitt er heilt ufarlege. Forebygg flåttbitt ved å dekke deg til når du ferdast i skog- og kystområder, og sjekk etter flått om kvelden, spesielt på stader som bak øyra, i lysken og under armane. 

4. Vis badevett – for di eiga og for andres skuld!  Bad ikkje når du er påverka av rusmidlar, eller like etter at du har ete. Stup ikkje utan å vite kor djupt det er, og dytt heller aldri andre ut i vatnet. Gå på land om du føler deg kald eller uvel, og rop på hjelp berre om du er i fare – aldri elles. 

5. Pass på grillen! Eingongsgrillen er i vinden som aldri før, men bøttegrill er heller ikkje eit uvanleg syn blant telta på norske festivalar. Tenn grillen i god avstand frå teltet. Sørg for at barn, dyr og overstadig rusa menneske er i sikker avstand frå grillen når du går i gang. På sommaren er det stor skogbrannfare, så det er viktig å aldri gå frå grillen, og alltid slukke etter deg. Ver òg forsiktig når du nyttar deg av gass og aggregat. Det er viktig med utlufting og forsiktig bruk. Ikkje sov med aggregatet gåande. 

6. Ta vare på høyrselen. Ta forholdsreglar. Øyreproppar er den beste måten å beskytte høyrselen på. Sørg òg for at du ikkje står med øyret inntil høgtalarane, men plasser deg heller mest mogleg mot midten. Tenk på at barn er meir utsette enn vaksne, så har du med barn, utstyr dei med høyrselsvern. 

7. Drikk med måte. Vis måtehald når du nyt alkohol. Du blir ekstra påverka av alkohol i varmen, og toler kanskje ikkje like mykje som elles. Pass òg på å halde eit auge på drinken din, slik at du ikkje risikerar å få i deg meir enn du hadde rekna med. 

8. Bruk kondom! Seksuelt overførbare sjukdommar unngår du best ved å nytte kondom. 

9. Sei ifrå! Ser du nokon som treng hjelp, ikkje ver redd for å kontakte personell som er ansvarleg for sikkerheit og helse, anten det er ambulansepersonell, Røde Kors eller andre sanitetsmannskap. Dersom du kjem over ein medvitslaus person, ring 1-1-3 med ein gong – hugs at det er betre å ringe ein gong for mykje enn ein gong for lite.  

10. Til slutt: nyt festivalen!  Pass på kvarandre der ute, og ha ein riktig god festivalsommer!

Les òg: Fem kroppspositive ungdomsbøker

Kommentarar

ANNONSE