Folk et isprodusentar tomme for is

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I mai hadde Hennig-Olsen ein vekst på 30 prosent. I juni har veksten vore på 20 prosent, skriv Dagens Næringsliv.

– Det er beklageleg at vi går tom for is, men det er ein heilt spesiell situasjon. Vi har hatt den beste sommaren nokosinne, seier Paal Hennig-Olsen, administrerande direktør i Hennig-Olsen Is til DN.

Les også: Desse fem bøkene bør du lese i sommar

Stor vekst i salet

Også Norgesgruppen fortel om utfordringar knytt til mangel på utval på grunn av det enorme issalet.

– Folk et isdiskane tomme. I år starta sommarsesongen veldig tidleg på grunn av det veldig fine vêret, seier Kine Søyland, kommunikasjonssjef i Norgesgruppen.

Diplom-Is opplyser at dei har hatt salsrekord i mai og juni, og kan også fortelje om ein vekst samanlikna med i fjor.

– I perioden mai til juli har vi hatt ein samla vekst på omtrent 26 prosent i omsetning i forhold til fjoråret. Så langt i år har veksten på enkelte variantar vore opp mot 60 prosent, seier Rita Kristin Broch, administrerande direktør i Diplom- Is

Les også: Gratis hytteperler i statleg regi