Planeten Saturn stod for falsk naudrakett-alarm

Hovudredningssentralen (HRS) har dei siste dagane fått mange meldingar om ein mogleg naudrakett. Men det raudlege lyset kjem frå planeten Saturn.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Planeten Saturn stod for falsk naudrakett-alarm

– Når planetane er låge, blir dei veldig sterke i fargen og kan likne ein naudrakett. Berre i kveld har vi hatt to innringjarar, fortel vakthavande redningsleiar Nils-Ole Sunde ved Hovudredningsentralen (HRS) til NTB.

Dei siste par vekene har mange tatt kontakt. Sunde kallar det «eit årleg fenomen».

Les også: 40-årsjubileum for oppdaginga av Pluto sin største måne

Står lyset i ro i fleire minutt, er det ikkje ein fallskjermrakett

På Twitter tipsar HRS om fleire appar der du kan følgje med på Saturn sine rørsler og sjekke om det er ein planet eller ein fallskjermrakett som lyser på himmelen.

Samtidig er dei takknemlege for at så mange vel å ringje.

– Vi er veldig glade for at dei som er bekymra, vel å ringje. I dei fleste tilfella får vi prata litt med innringjaren, og då får vi raskt konkludert med at det er ein planet. Er vi i tvil, sjekkar vi det ut, seier Sunde, som også har eit tips på lur:

– Står lyset i ro i fleire minutt, er det ikkje ein fallskjermrakett.

Les også: Kvifor var torsdag 21. juni årets lengste dag?