Stor auke i talet på drukningar

I første halvår drukna 52 personar. Det er 14 fleire dødsfall samanlikna med same periode i 2017.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Tala er dramatiske og lite hyggeleg lesing. Dette kjem av fleire forhold, men den viktigaste årsaka er at fleire trekker mot sjøen når vi opplever rekordvarme over såpass lang tid, seier kommunikasjonssjef Frode Pedersen i Redningsselskapet.

Ifølgje Redningsselskapet har 46 menn og 6 kvinner drukna i første halvår. 27 av desse omkom etter fall frå land eller brygge, medan 13 personar drukna frå båt, kajakk eller seglbrett.

Les også: 500 år sidan den store dansepesten i Strasbourg

Ikkje bad åleine

Vidare viser dødsstatistikken at flest drukningar skjedde i Hordaland. Der drukna sju personar, to fleire enn talet for Trøndelag og Sogn og Fjordane. Rogaland, Buskerud og Møre og Romsdal hadde fire drukningar i same periode.

På landsbasis er to av dei omkomne barn under 14 år.

– Som regel skjer ei drukning stille, så vi minner om at det er viktig å vere kvarandres gode venn og vaktbikkje. Bruk vest på barna om du er i nærleiken av vatnet. Sørg for at alle har flyteplagg på seg når familien oppheld seg i båt, seier Pedersen.

– Bad aldri aleine eller utan at nokon held auge med deg. Jo tryggare rammene er, jo finare blir opplevinga, tilføyer Redningsselskapets kommunikasjonssjef.

Les også: Fire øyer som ikkje var øyer