Fire ting du ikkje visste om Indonesia

Astrid Underlid
Publisert
Oppdatert 25.07.2018 13:07

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

1. Indonesia er det fjerde mest befolka landet i verda

Medan det er allment kjent at India, Kina og USA er dei landa med størst befolkning, er det ei overrasking for mange at Indonesia har den fjerde største befolkninga.

Eg er veldig glad i å prøve å få folk til å gjette kva det fjerde mest befolka landet er, og svært få kjem fram til svaret.

Indonesia er kanskje heller ikkje det landet folk flest knyttar til Islam, men det er landet med den største muslimske befolkninga.

2. Du kan takke Indonesia for ketsjup

På 1700-talet prøvde britiske kolonistar den lokale sausen «Kecap», og tok den med tilbake til Europa. Det er sausen som i dag er kjent som ketsjup.

Les òg: Fire ting du ikkje visste om Rwanda

3. Barack Obama har budd i Indonesia

Barack Obama i Austin. Foto: Roxanne Jo Mitchell / Flickr/ CC-lisens

Obama budde i Indonesia frå han var seks til ti år. Han budde der med mora si som gifta seg på nytt med ein indonesisk mann, og fekk ei lillesyster.

Mange i byen Jakarta ser på han som ein lokal, og han var difor svært populær blant mange indonesiarar når han stilte til presidentval i 2008.

4. Indonesia har nest størst biologisk mangfald

Etter Brasil, er Indonesia det landet med størst biologisk mangfald i verda. Mellom 2001 og 2005 starta Noreg eit miljøsamarbeid med Indonesia, der målet var å forbetre forvaltninga av naturressurser i sårbare område i provinsen Riau. Det var òg fokus på fattigdom.

Les òg: Versting stoppar all avskoging