Debutboka, Der ingen finn oss, til Mathias Nyhagen Asplund er ei tenkande bok som handlar om å finne trøyst gjennom fantasien. For der kan vi alle vere sterke.
mm
DER INGEN FINN OSS
  • Forfattar: Mathias Nyhagen Asplund
  • Forlag: Cappelen Damm, 2018
  • Sjanger: Barneroman
  • Målform: Nynorsk
  • Sidetal: 121
LES FAKTALUKK FAKTA

Der ingen finn oss handlar om ein sjuk gut som ikkje går på skule. Vi får aldri vite kva han heiter. Ein dag møter han ei jente utanfor blokka. Vi får ikkje vite kva ho heller heiter. Ved leikestativet i hagen drøymer dei seg bort. Hagen blir utan grenser, og saman legg dei ut på ei slags reise i fantasien, der dei føler seg sterke. Vi blir med i gamle slott, møter mystiske underjordiske. Vi er med på reiser med sjukdomar som spreier seg fortare enn vinden. Vi møter riddarar og skumle dyr.

Fantasien er guten og jenta sin fristad. Det er der dei likar å vere, når verda rundt dei ikkje er så bra. Forfattaren skriv det så fint: «Det er ikkje så langt mellom det som ikkje er ekte og det som finst. Tenk på alt me har gjort. Me møttest på ein benk og blei venar i eit stort slott. Slottet finst ikkje, men me er venar likevel.»

Vil guten døy?

Guten og jenta sitt venskap er heilt nytt. Dei er litt mystiske for kvarandre, noko som gjer det spanande for oss som lesarar også. Vi lurer veldig på kva sjukdom guten har, og om han kjem til å døy. I tillegg lurer vi veldig på denne jenta. Kvifor har ho bustete hår, og kvifor er ho ikkje på skulen? Dette er ei fin drivkraft i historia. Vi har som lesar lyst å vite meir. Vi vil sjå kva som skjer. For i den ville fantasien er det noko trist dei flyktar vekk frå.

Vakkert språk

Språket er trygt, varmt og godt. Boka har korte setningar, som lagar driv i handlinga. Det er noko med måten det er skrive på som gjer at ein blir litt tenkande.

Før eg byrja å lese boka lurte eg om om det er interessant for barn å lese om andre barn sin fantasileik? Eg var redd for at eg som lesar ikkje klarte å sjå føre meg den fiktive verda som vart skildra. I starten var det litt vanskeleg, men dette endra seg. Det var som at eg godtok den magiske verda og leiken. No skal det seiast at eg som las boka ikkje er i målgruppa. Eg er ein mann på 36 år. Men eg likte det, eg måtte berre gi det litt tid. Det er som det står på baksida av boka: «Fantasien er som eit gnistrande bål. Du må mate bålet, elles sloknar det». Ein vaksen mann har ikkje fantasien til eit barn, fordi fantasien ikkje er mata på same måte som barn har. Akkurat derfor er det vanskeleg for meg å vite om boka treff målgruppa, men eg vel å tru at ho gjer det. Eg trur at dei eldste barna på mellomtrinnet vil finne denne boka interessant.

Debutbok

Dette er fyrste boka til Mathias Nyhagen Aspelund. Mathias kjem frå Nord-Noreg, men bur i London der han jobbar som skodespelar.

Der ingen finn oss, er ei tenkande bok som handlar om å finne trøyst gjennom fantasien. For der kan vi alle vere sterke.

Les òg kva 6.klassingen Linnea meiner om boka på Framtidajunior.no!

 

Oppdatert: torsdag 21. juni 2018 10.59

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE