«Bjarne vil ikkje på film» nominert til Amanda

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Han vart glad når han såg kor glad eg vart. Eg må prøve å overtyde han om å bli med på festivalen, seier Nitsch til Sogn Avis.

Foto: Weronika Nitsch

Bjarne er naboen hennar i Oldedalen i Nordfjord, og saman med manusforfattar Alexander Vollevik Larsen laga den polske filmskaparen film om den kamerasky sauebonden. Det fekk dei til, sjølv om Sunde først gjorde det klart at verken han eller sauene hans skulle filmast.

Den 40 minutt lange “Bjarne vil ikkje på film” har vore ein publikumssuksess og har vunne fleire prisar. I Haugesund får filmen konkurranse frå Erik Poppe-dokumentaren “Per Fuggeli: Siste resept” og “Røverdatter” av Sofia Haugan.

“Bjarne vil ikkje på film” er elles framleis på programmet på kinostrøymetenesta Nettkino.no.