Kim Jong-un har med sin eigen do til møtet med Trump

Nord-Korea er redd for at spionar skal bruke bæsjen til Kim Jong-un til å finne ut korleis det står til med helsa til leiaren.

Janne Nerheim
Publisert
Oppdatert 13.06.2018 09:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nord-Koreas leiar Kim Jong-un tek ingen sjansar når han skal møte USA sin president Donald Trump. På flyet som kom til Singapore i går hadde han med seg sitt eige toalett.

Toalettet er mobilt, det betyr at det kan flyttast rundt.

– I staden for å bruke eit offentleg toalett har den nordkoreanske leiaren med seg eit personleg toalett når han reiser, seier Lee Yun-keol, eit tidlegare medlem av livvakttenesta til Kim-familien, til Washington Post.

Lee fortel videre at det er frykta for at nokon skal bruke bæsjen å undersøke helsa hans, som gjer at dei gjer det på denne måten.