Rotlaus er mellom dei mest populære banda i landet, men «ingen» har høyrd om dei

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mellom dei mest populære banda i landet – men «ingen» har høyrd om dei

– Det handlar mykje om å leggja til rette og prøva å snu litt på ting, seier Bjørn Marius Øyehaug.

– Eg slutta av di eg drøymde om eit anna liv, fortel Bjørn Marius Øyehaug.

Frå han var 19 og fem år frametter var han trommeslagar i Vassendgutane. Det vart mykje reising og lite tid heime, i 2012 slutta han i gruppa.

– Eg hadde eigne draumar. Kompisar bygde hus, fekk familie og ungar og alt som høyrer med. Det heile verka så fjernt, eg var der ute på vegen, men visste at eit anna liv, det var også noko eg kunne tenkja meg på sikt.

Men livet vart ikkje heilt slik med det same. Han kom inn i ein tøff periode, der han miste ho han hadde vore saman med og vart samstundes utsett for ei arbeidsulukke. I staden for å setja seg ned «og hulka», fekk han heller ned tankane på papiret.

Viktig å stoppa opp

– Det skal vera kjekt å spela konsertar, og det å ta vare på speleglede er viktig, fortel Øyehaug, som spelar gitar, syng og skriv songane i gruppa.

– Me fekk ein utruleg start og har vore på vegen om lag kvar helg sidan me starta. Mange reagerte på at me tok ein spelefri periode frå slutten av mars og fram til i dag. Men me var samanhengande på vegen frå nyåret og spelte 25 jobbar, jobbane var utselde, stemninga var god, men eitkvart stemde ikkje. Me valde å kansellera alle jobbar som stod på kalenderen ein periode og lova å koma sterkare attende.

Og pausen trengst. Frå midten av mai og ut august skal dei spela kvar einaste helg, til saman over 30 konsertar. Det er mykje for ei gruppe som vart starta av di ein ikkje ville vera så mykje vekke. Øyehaug ser ironien.

– Det har gått fort med oss, og eg trur det er sunt å stoppa og av og til, fordøya alle sansar og inntrykk og finna seg sjølv oppi dette sirkuset. Me er veldig medvitne på at det skal vera råd å spela i bandet og kombinera det med eit nokolunde normalt liv. Det er lett å ta alt for gitt, som ei sjølvfølgje og berre la dette verta ein vane. Då vert det ikkje moro lenger, og då vert det heller ikkje god musikk.

– Det har gått fort med oss, og eg trur det er sunt å stoppa og av og til, fordøya alle sansar og inntrykk og finna seg sjølv oppi dette sirkuset.

Framleis er det utfordrande å vera så mykje på farten.

– Det er framleis tungt å reisa frå det som er heime. Eg har sjølv ei jente eg er glad i, og ho kunne sikkert ha tenkt seg ei heilt vanleg ferieveke i Syden. Men det handlar mykje om å leggja til rette og prøva å snu på ting. Eg plar seia at eg har helg i vekene og arbeider i helgene. Difor prøver eg alltid å finna på noko «helge-aktig» i vekene, passar på at det faktisk blir fri. Men me gler oss stort til å koma ut og spela, og det er ein herleg gjeng som er ute på vegen, fortel Øyehaug.

Eige liv

Denne stadige kampen om å vera vekke og aldri heilt heime finn ein att både i namnet på gruppa og i mange av tekstane.

– Rotlaus starta eigentleg som ein liten lufteventil, ein stad der eg kunne få utløp for kjensler, fortel Bjørn Marius Øyehaug. Foto: Kjartan Helleve

– Rotlaus starta eigentleg som ein liten lufteventil, ein stad der eg kunne få utløp for kjensler. Så tekstane er stort sett baserte på eige liv. Eg har gjort mykje, opplevd mykje og reist mykje. I tolv år har eg vore på vegen, og det har til tider kosta meir enn det smakar. Det er mykje ein gjev avkall på. Eg har mist mange eg har vore glad i, og eg har gjort ting eg har angra på. «På vei» er truleg den songen som fortel dette best, fortel Øyehaug.

Dette er ikkje ukjend tematikk i sjangeren Rotlaus høyrer heime i. Men til skilnad frå sine meir kjende sambygdingar, er det ikkje mykje rølp og flatfyll å finna i tekstane.

– Me har moglegvis litt meir substans i tekstane våre, alvor og ein raud tråd reint tematisk sett.
Eg skriv ut i frå det eg sjølv har opplevd, situasjonar eg sjølv har vore i, og då blir nok songane våre litt annleis. For meg er det viktig at ein står inne for det ein skriv, det må vera sjølvopplevd. Berre på den måten kan me framføra låtane, få med oss publikum og røra ved dei. Det vert ekte. Det gjeld for så vidt musikken òg, me er nok nærare pop-sjangeren. Det er ei god blanding av ulike inspirasjonskjelder og ein fot i ulike sjangrar.

For meg er det viktig at ein står inne for det ein skriv, det må vera sjølvopplevd.

Gull og platina

Rotlaus fekk både gull og platina for debutplata «Bygderamp» som kom i 2016. Veggen er full med trofé for alle singlane som følgde tida etter. Tidlegare i år kom den andre plata, «På vei». Dei er strøymde fleire titals millionar gonger på Spotify.

– Det er fort å tenkja at dette har kome av seg sjølv, at det har vore lett. Det er ikkje tvil om at me har hatt god hjelp av at erfaringane eg fekk med Vassendgutane. Det handlar om kva knappar ein skal trykkja på og om korleis ein skal oppføra seg i ein jungel av menneske. Ikkje alle i denne bransjen vil deg vel, og det er fort gjort å hamna i feil spor. Trass erfaring, har me jobba knallhardt, det har vore ein humpete veg, og me er som sagt medvitne på at det kostar.

– Så no går an å leva av dette?

– Intensjonen var aldri at dette skulle vera ei gullgruve. Me skulle reisa rundt og spela av di det var kjekt. Me tener pengar på spelejobbane og noko på platesalet, men det meste går til å kjøpa meir utstyr, spela inn fleire låtar og gjera kvardagen på vegen god. Me er i dag totalt 10 mann på vegen, og dei som er med, har nok ei ok biinntekt. Me er opptekne av at bandet skal sjå bra ut, at det skal låta bra, og det kostar. Me køyrer rundt med full produksjon og er 2 bussar på vegen når me reiser rundt. I dag har me truleg Noregs største heilårs-produksjon på vegen og det er mange folk i sving for å halda hjula og drifta i gang.

I dag har me truleg Noregs største heilårs-produksjon på vegen og det er mange folk i sving for å halda hjula og drifta i gang.

Han fortel at dei medvite prøver å ta sin del av risikoen som alltid fylgjer med.

– Dei som skipar til konsertane, er ofte eit lokalt idrettslag eller andre frivillige. Ofte ber me difor berre om eit relativt lågt grunnbeløp og ei deling av billettinntektene. Eg tykkjer det urimeleg å be om høge honorar der eine parten står med heile risikoen. Eg ser føre meg nokon som prøver å få til noko artig i bygda, og så kjem det berre nokre få betalande gjester og det heile endar i eit kjempeunderskot. Det er ikkje eit scenario eg ville ha levd godt med. Men ved å ha eit lågt grunnbeløp, så er det jo fleire som tek sjansen på å laga ein avtale med oss. Då sit begge partar med ein risiko og begge har interesse av å få dette til å verta ein suksess. Det gjer jo berre at me får fleire spelejobbar, fortel Øyehaug.

Lite merksemd frå media

Rotlaus er representantar for ein sjanger som ikkje får for mykje merksemd. Hellbillies er vortne stovereine, Staut er det nokon som har høyrt om, og Vassendgutane er noko artig der vest ein stad. I ein omtale av ein konsert gruppa hadde i Bergen saman med Gunslingers frå Tørvikbygd, var meldaren overraska både over at konserten hadde vore utseld i lang tid og at publikum var så unge. Gruppa er ikkje bortskjemd med gratis merksemd.

– Det er feil å seia at me ikkje tenkjer på det. Det er mange som får ei god draghjelp frå både sosiale og trykte media. Det er vel knapt nemnd med eit ord at me har vore på VG-lista på fleire av utgjevingane våre. Ein periode var me inne med to album på ei og same tid, noko ikkje mange kan skilta med i dag. Me har fleire avspelingar enn nokon andre i vår sjanger og spelar fleire konsertar enn dei fleste i landet. Men samstundes likar me oss godt der me er no, me er usminka, jordnære og ærlege på sida av det kommersielle oppstyret. Me held oss i bakgrunnen med våre eigne platemeldarar, nemleg dei som kjem på konsertane. Skal me tru dei, så gjer me vel noko rett.