Lasta ned filmar ulovleg? Ikkje svar om du får brev i posten

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 09.06.2018 13:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lasta ned filmar ulovleg? Ikkje svar om du får brev i posten

I ei pressemelding frå Forbrukarrådet blir det vist til eit brev med ein avsendar som omtalar seg sjølv som advokatfirmaet Hengeler & Latham. I brevet blir mottakaren kravd for 3.770 kroner som kompensasjon for påståtte brot på åndsverklova.

Dersom ikkje kravet blir innfridd innan sju dagar, truar avsendaren med å gå til sak.

– Ikkje svar eller betal, men send ein kopi av brevet til politiet der du bur. Du innrømmer ikkje ulovleg nedlasting av den grunn, slik at du har ingenting å frykte, seier Pia Cecilie Høst, leiar for forbrukardialog i Forbrukarrådet.

– Den som har eit krav mot nokon har bevisbyrda. Det betyr at dei må bevise at du har gjort noko ulovleg. Det er ikkje nok å vise til at filmen er blitt ulovleg lasta ned på ei IP-adresse du eig eller ein wifi-sone som du har kryptert med passord, fortset Høst i pressemeldinga.

– Ikkje noko eit privat selskap kan krevje inn

Saka er meldt til politiet, og dei jobbar med å kartleggje spreiinga av breva. Økokrim har overfor NRK omtalt brevet som eit forsøk på svindel.

Samtidig har politiet fleire stadar gått ut med åtvaringar.

– For det første er denne typen lovbrot noko som skal etterforskast av politiet, og ikkje noko eit privat selskap kan krevje inn. For det andre er firmaet relativt nystarta. Nettsida er berre ei framside utan nokon annan informasjon enn det som står i brevet, sa politiførstebetjent Kjell Magne Barsnes ved Florø politistasjon til NRK i førre veke.

Kanalen har gjort fleire forsøk på å komme i kontakt med Hengeler & Latham, utan å få svar.