Tabloidane tøysar med Kim Kardashian-Trump-møtet. Dette er grunnen til at dei møttest

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tabloidane tøysar med Kim Kardashian-Trump-møtet. Dette snakka dei om

«Den einaste Kim han kunne få tak i», heiter det på framsida av tabloiden Daily News etter møtet mellom Kim Kardashian West og Donald Trump onsdag.

Det er uvisst kva Trump tenkte på, om han tenkte på noko, då bildet av dei blei tatt. Men når ein av verdas største kjendisar, som attpå til er gift med Trump-fan Kanye West, spør om eit møte, så er det klart at Trump vil sola seg i glansen.

Ber om nåde for bestemor

Kim Kardashian West hadde ei alvorleg sak å ta opp med han.

Alice Marie Johnson er ei 63 år gamal bestemor som sonar livstidsdom utan høve for prøvelauslating for ein førstegongs narkotikabrotsverk utan bruk av vold. Ho har vore i fengsel i 21 år og vil dø der, med mindre president Donald Trump går med på å redusera straffa, kjem det fram på nettsida til ein underskriftskampanje på Change.org.

I fengeselet har Johnson blitt ein mønsterfange, og utdanna seg til prest.

Dottera til narkotikadømte Alice Marie Johnson samlar underskrifter for at mora skal sleppa fri frå fengsel. Foto: Change.org

Ifølgje Independent las Kardashian om historia til Alice Marie Johnson på Twitter, og tok deretter kontakt med Ivanka Trump (36) for å be om eit møte. Møtet med Trump skjedde på sjølvaste bursdagen til Johnson:

 

2,3 millionar menneske i fengsel

Talet på kvinnelege fangar har eksplodert dei siste tiåra, utan at nokon veit kvifor. I 1970 var det 8000 kvinnelege fangar i USA. I 2016 var talet 110.000, ifølgje ein rapport frå Vera Institute of Justice.

Totalt var det kring 2,3 millionar menneske som sat i amerikanske fengsel i mars 2018. Berre Seychellene har større del av folkesetnaden sin i fengsel. Per 100.000 amerikanarar var det 666 fengselfangar i juli 2017.

Fengselsstraffane i USA er langt høgare enn det me er vande med i Europa. Svigersonen til Trump, Jared Kushner, er ein av fleire som jobbar for å få til fengselsreformer. Men det er uvisst om det vil føra fram. Trump har tidlegare tatt til orde for å henretta folk for narkotikabrotsverk.

LES OGSÅ: No kan skulebibliotekar bere våpen på jobb i USA