Natur og Ungdom rasar over Johan Castberg-vedtak

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Equinor vil ikkje byggja ut feltet med kraft frå land, noko som aukar utsleppa frå feltet med 270.000 ekstra tonn CO2 årleg. Feltet åleine vil stå for 2 prosent av utsleppa frå norsk sokkel.

Gaute Eiterjord er leiar i Natur og Ungdom. Foto: Anna Olerud/Natur og Ungdom

– Verda har allereie funne langt meir kol, olje og gass enn me nokon gong kan bruka. At det rikaste landet i verda skal pumpa opp klimaskadeleg olje er eit hån mot unge og framtidige generasjonar som skal leva på kloden, seier leiar i Natur og Ungdom, Gaute Eiterjord i ei pressemelding.

Tilsvarar utsleppa frå 100 millionar bilar

Equinor reknar med at det kan liggja mellom 450 og 650 millionar fat olja i feltet. Dersom alle ressursane på feltet blir utvunne og brunne, har Natur og Ungdom rekna ut det kan føra til klimagassutslepp på over 250 millionar tonn CO2.

– Total inneheld Johan Castberg like store utslepp som 100 millionar bilar slepp ut årleg. Dette feltet er ei klimabombe utan like, seier Eiterjord.

Fryktar storulykke

Natur og Ungdom meiner dei mange feila og uhella som har vore på Goliatplattformen burde vera eit varsku mot meir oljeverksemd i Barentshavet:

– Barentshavet er eit spesielt sårbart område, som me ikkje burde la øydeleggjast av oljeboring. Goliat-skandalen burde ha lært politikarane at olje i Barentshavet er ein dårleg idé, seier Eiterjord

– Oljeberedskapen er langt frå tilstrekkeleg i dag til å kunna handtera ei ulukke, og konsekvensane kan bli katastrofale for den sårbare naturen og fiskeria i Barentshavet, avsluttar Eiterjord