Dubie Toa-Kwapong
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Monáe – favorittartisten til favorittartisten din

Janelle Monáe på Øyafestivalen i 2010. Foto: Foto: Bjørnar Håland, Øyafestivalen

I mellomtida har Janelle Monáe jobba med bygge opp artistkollektivet, Wondaland Arts Collective og danna det om til plateselskapet Wondaland Records. Ho har signert artistane Deep Cotton, Roman GianArthur, Jidenna og St. Beauty, og saman la dei fram samlinga The Eephus i 2015. Ho var i gang med å lage Dirty Computer då ho fekk to store filmroller (i Oscar-nominerte Hidden Figures og Oscar-vinnar Moonlight) og måtte ta ein pause frå innspelinga.

I februar sleppte ho videoane for to singlar – «Django Jane» og «Make Me Feel», og ein teaser som annonserte at albumet kom til å heite Dirty Computer. Vi fekk òg sjå videoane for songane «Pynk» og «I Like That» før Monáe delte den cirka 50-minutters lange sci-fi-filmen, eller «emotion picture» som ho sjølv kallar den, for albumet i slutten av april.

Med dette albumet ynskjer Monáe å vise ei ny side av seg sjølv. Ho har lenge vore kjend som dama i smoking, ein uniform ho brukte for å heidre hennar arbeidarklasseforeldre. Ho ville óg vise eit alternativt bilete av femininitet i ein musikkbransje som avgrensar moglegheita for kvinner til å definere seg sjølv. Ho har over dei tre førre albuma blanda gamaldags funk og eleganse med ein sans for science fiction og afro-futurisme. Men denne gongen la ho frå seg den svarte og kvite uniformen. Ho er ikkje lenger den feilfrie androiden Cindi Mayweather, men eit sårbart menneske som ynskjer å dele meir av seg sjølv med verda.

Janelle Monáe

Janelle Monáe på konsert i Freiburg i Tyskland i 2012. Foto: Thomas Böcker, CC BY-SA 2.0-lisens

Janelle Monáe avklarer spekulasjonar

I Dirty Computer utforsker Monáe kva det betyr å prøve å halde seg fri og kjempe for retten til å vere seg sjølv i ei verd som er uvenleg mot dei som er annleis. Monaé avklarar òg noko som har blitt spekulert på lenge – at ho ikkje identfiserar seg som heterofil, men som panseksuell. Ho hinta til dette i videoen for Prince-inspirerte «Make Me Feel», med både ein kvinneleg og mannleg kjærleiksinteresse og stadfesta det i eit intervju med Rolling Stone. I fleire dagar etter var «panseksualitet» det mest oppsøkte ordet på Merriam Webster.

I mange situasjonar hadde Janelle Monáe følt seg ei datamaskin med eit virus. Som barn og ungdom var ikkje ho som dei andre på skulen. Familien hadde ikkje råd til merkeklede. Ho klipte av permanenten og byrja å gå med kort naturleg hår som 16-åring. Som skildra i songen «I Like That», fekk ho negative tilbakemeldingar frå gutar på skulen om dette. Som ny artist kjempa ho mot usikkerheit og kjensla av ikkje å passe inn i eksisterande rammer for svarte kvinnelege artistar. Ho tenkte på seg sjølv i lang tid som ein person som måtte bli reinsa eller reparert. Monáe har latt seg inspirere av andre artistar som har utvida idear om kva det betyr å vere eit menneske. Ho seier stolt i eit intervju med The Breakfast Club: «I consider myself to be a free-ass motherf*cker.»

Samarbeider med musikklegender

Det er ikkje mange moderne artistar som kan telje musikklegender som fans og samarbeidspartnarar. Janelle Monáe vert ofte skildra som «favorittartisten din sin favorittartist». Dette blir spegla att i Dirty Computer. Ho fekk hjelp av Prince til å forme albumet før han gjekk bort i 2016. Paisley Park-lyden kan høyrast i fleire songar på albumet. Beach Boys-legenden Brian Wilson er med på den rolege pyskedeliske tittel-låta «Dirty Computer». I mellomspelet «Stevie’s Dream» får vi høyre Stevie Wonder identifisere kjærleik som ein felles tråd blant alle trusretningar. Bitar av talane til Martin Luther King Jr. og Barack Obama er spreidd rundt i albumet, men treff aller best i den siste songen «Americans». Ho har òg duettar med Pharell Williams («I Got The Juice») og Zoë Kravitz («Screwed»).

Monáe utforskar mange ulike musikkstilar og tema, men lukkast likevel i å skape ei forfriskande samanstraumning og formidle ein sterk bodskap, utan å ta for hardt i. Ho håpar albumet kan vere ei kjelde av glede og styrke for minoritetar, særleg for svarte kvinner som ho seier stadig vert utsette for usynleggjering: «Alle desse songane er skrive med dykk i tankane. Dette er for oss. Eg håpar de føler dykk sett. Eg håpar de føler at de blir høyrt.»

LES OGSÅ: Voyagers gyldne plate: Songane som har reist lengst