Skal avsløra organiserte kriminelle.

Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 23.11.2018 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dings til sykkelen din skal avsløra sykkel-mafia

Kvart år blir titusenvis av syklar meldt stolne berre her i Norge. Sykkeltjuveri er ein av dei vanlegaste formane for kvardagskriminalitet.

I mange av tilfella er det organiserte kriminelle som står bak.

Dersom sykkelen ikkje kjem til rette, må du vanlegvis ut med eigenandel. Samstundes opererer dei fleste forsikringsselskapa med tak på kor mykje du kan få igjen. Har du mista ein sykkel til 10 000 kroner får du gjerne berre igjen halvparten.

Oppstartsbedrifta Bikefinder har sett seg lei av problemet. Dei fire tilsette ved gründerhuset Innovation Dock i Stavanger har utvikla ein liten blå dings som gjer at du får oversikt over posisjonen til sykkelen din.

Lanserer med Gjensidige

– 22. mai lanserte Bikefinder ein tjuveriforsikring saman med Gjensidige. Blir sykkelen stole får kunden igjen 100 prosent av prisen kvar som helst i verda, seier gründer og dagleg leiar i Bikefinder Ole Martin Ølmheim.

Føresetnaden er at produktet til Bikefinder er plassert i styret på sykkelen, at det er opplada, og at det månadlege abonnementet er betalt.

Slik ser sporingsproduktet til Bikefinder ut. Den skal passa inn i styret på alle serieproduserte syklar.

I første omgang lanserer Bikefinder i Europa, Australia og på New Zealand. Seinare vil oppstartsbedrifta inn på den amerikanske marknaden.

– Etter det vil me utvida til USA, som har ein annan bandbreidde og krev ny sertifisering av produktet. Me tek sikte på å få det på plass innan 2019, seier Ølmheim.

Fleire om beinet

– Kvart år ligg to-tre ulike sporingsprodukt for sykkel ute på Kickstarter(plattform for folkefinansiering journ.anm).

I mobilapplikasjonen til Bikefinder ser du blant anna posisjonen til sykkelen din og batterinivå.

Brorparten av desse når aldri marknaden, om me skal tru Bikefinder-gründeren.

Men Bikefinder er langt frå det einaste selskapet som driv med sykkelsporing. Tidlegare har Spybike levert tre ulike sporingsprodukt som kan festast ulike stader på sykkelen. Dei ser ikkje lenger ut til å ha formidlar i Norge.

Italienske Sherlock leverer sykkelsporing med funksjonalitet som er til forveksling lik den Bikefinder nå kjem med.

Produktet deira skal også festast i styret, koblast opp mot ein mobilapplikasjon, og kjem med rørslesensor som går av dersom uvedkommande beveger på sykkelen.

Bikefinder kjem med akkurat lik funksjonalitet. Men medan Sherlock oppgir ei batteritid på to veker, melder Bikefinder at produktet deira kan vara i heile åtte veker.

Dessutan har Sherlock først og fremst sikta seg inn mot landevegssyklar, og passar ganske enkelt ikkje for vanlege syklar. Bikefinder sitt produkt har justerbar storleik, og passar såleis inn i styret på alle syklar som er serieproduserte.

Skal slå bein under organiserte kriminelle

I tillegg til sporingsprodukt som er skreddarsydd for sykkel er marknaden for meir generelle innretningar med sporing stort.

– Sporingsprodukt og sykkellykter med GPS kan ein berre knekke av, innvender Ølmheim.

For å unngå det kan ein gå for sykkellås med sporing. I den marknaden finst aktørar som Bitlock, Ellipse by Lattis, Noke U-Lock og Linka. Dei kan tilby sykkellås som kommuniserer med mobiltelefonen din og oppgir posisjonsdata.

For å avsløre dei kriminelle nettverka må sporingsproduktet gå under radaren.

– Er det ikkje meir praktisk for folk som uansett må låsa sykkelen sin å berre kjøpa sykkellås med integrert sporing?

I den tilknytta mobilapplikasjonen til Bikefinder kan du velga når du vil motta varslar.

– Føremålet vårt er også å finne organisatorane bak kriminaliteten. For å avsløre dei kriminelle nettverka må sporingsproduktet gå under radaren.

– Ein sykkellås vil på eit tidspunkt klippast av. Da er sporinga borte, svarar Ølmheim.

– Vil politiet prioritera å springa etter simple sykkeltjuvar?

– Mykje av denne kriminaliteten går under mafiaparagrafen, og blir dermed prioritert mykje høgare enn vanleg vinningskriminalitet. Politidirektøren i Oslo har dessutan signalisert at dei vil bruke meir tid på dette.

– Heilt konkret kan me senda ein URL til politiet for kvar hending. Sjå føre deg at hundre syklar blir stole frå Universitetet i Stavanger. Dersom berre éin av desse har sporing, vil politiet kunne finne alle saman, utdjupar Ølmheim.