Mållaget skuffa over at KrF sikrar fleirtal for Vestland

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dei stortingspartia som no samlar seg om «Vestland», «Viken» og «Innlandet», skal vite at dei gjer det på tvers av råd frå både Språkrådet og alle oss andre, seier Magne Aasbrenn i ei pressemelding.

– Fylkesnamna er språklege kulturminne og må bli behandla som det. Å byte ut eit gamalt fylkesnamn med eit nytt når fylka ikkje har hatt ein forsvarleg fagleg prosess kring namnevala er fagleg uforsvarleg. I fylke etter fylke er namna blitt vedtatte heilt utan offentleg debatt i forkant og utan ei brei drøfting. Slik har namnevala blitt resultat av politiske kompromiss og fikse påfunn av politikarar utan kompetanse på feltet, med «Vestland» som det verste eksempelet.

Då dagens fylkesnamn blei vedtatte i 1918, var det resultat av eit større fagleg utgreiingsarbeid, ein grundig høyringsrunde og ein omfattande politisk prosess. Det er svært uheldig at  styresmaktene ikkje har prioritert dette i 2018.

Noregs Mållag krev at saka om nye fylkesnamn blir send på høyring før Stortinget gjer vedtak, og at det blir lagt stor vekt på namnefaglege råd i valet av nye fylkesnamn.